Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%

 

Augustbrevet

Vil du bli abonnent?

EDL_Logo_250.jpg
Språkdagen og språkdagkonkurransen

I samband med Språkdagen 26. september inviterer vi skular til å ta del i språkdagkonkurransen vår: Grunnloven har bursdag!

Vil du ha materiell til markeringa?
Ta kontakt og vi sender plakatar, klistremerke med meir.
LES MEIR

Språkdagen 2014 i Bergen
Universitetet i Bergen og Framandspråksenteret inviterer i samarbeid med Amalie Skram vgs., Bergen offentlige bibliotek, Konfutsé-instituttet og Høgskulen i Bergen alle til å delta på markeringa av Den europeiske språkdagen.
Foreløpig Program

Språkkonkurranse for elevar: DEUTSCH GEMEINSAM - TYSK I FELLESSKAP
Alle elevar i vidaregåande skule kan delta i konkurransen.
Vinnarane kan vinne mellom anna billettar til Holmenkollrennet, reise til Wien og Bodensjøen.
Innsendingsfrist 5. januar 2015
LES MEIR

Framandspråkambassadør 2014
Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa (Framandspråksenteret) utnemner årleg ein framandspråkambassadør.
Veit du om ein aktuell kandidat til prisen?

Utnemninga går til ein person, ei gruppe personar eller ein organisasjon som på ein mønsterverdig måte og på nasjonalt nivå
a. utmerker seg når det gjeld eigen bruk av framandspråk og/eller
b. framhever nytta av å meistre framandspråk og viser at det å kunne fleire språk er ein ressurs.
LES MEIR


Kom på Framandspråksenteret sin konferanse!
Framandspråksenteret arrangerer konferanse med temaet: "Tilpassa opplæring i engelsk- og framandspråkundervisinga"
26. september 2014 ved Høgskulen i Bergen.
Konferansen er open for språklærarar, lærarstudentar og andre interesserte.
Fortsatt ledige plassar - meld deg på!

LES MEIR

Vil du vite kva språk elevane vel på vidaregåande skule?
Les notatet vårt som fortel at det er stabile tal for engelsk, fransk, spansk og tysk – rask vekst for kinesisk.
LES MEIR


Fulbright_Logo_250.jpg
Har du huska å booke ein Fulbright Roving Scholar? Dette er eit gratis tilbod til alle ungdomsskuler og vidaregåande skuler i heile landet. Roverane tilbyr workshops med mange ulike tema. Les meir om tilbodet og finn kontaktinformasjon her: www.fulbright.no/rovers

Nytt på nettsidene til Goethe-Institut: Tyskland-Norge magasinet
Frå no av informerer Goethe-Institut med journalistiske bidrag om kultur og samfunn i Tyskland og Norge. Artikler vil komme ut på både tysk og norsk. Vi begynner med rubrikkene litteratur, «underveis», bykultur og scene.
LES MEIR

Skal du undervise i engelsk på yrkesfag i år?
Det er mange undervisningsopplegg og ideer til undervisninga å hente frå FYR-arbeidet – Fellesfag med yrkesretting og relevans, der engelskundervisninga og programfaget knyttes tett sammen. Sjå FRAMANDspråksenteret og NDLA!


NYHEITER
  • ELIAS står for Early Language and Intercultural Acquisition Studies
    Dette har vore eit forskingsprosjekt kor forskarar har overvaka korleis små barn lærer seg eit anna språk enn morsmålet sitt, i tillegg til korleis dei tileignar seg interkulturell forståing, tospråkleg naturkunnskap og miljøbevisstheit. Forskarar frå fire europeiske land samarbeida med ein tospråkleg barnehage i Magdeburg Zoo i Tyskland, samt seks andre tospråklege barnehagar. Eit slikt samarbeid er eineståande i Europa og verda elles. Prosjektet har òg resultert i ulike pedagogiske ressursar som kan brukast av barnehagelærarar og i byrjaropplæringa på barnetrinnet i Noreg.
    LES MEIR
  • Vil du ha besøk av ein spansklærar ved skulen din?
    Framandspråksenteret arrangerer i lag med den spanske Ambassaden i Berlin gratis skulebesøk til ungdomsskuleelevar som tek spansk som framandspråk i Nord- og Sør-Trøndelag skuleåret 2014-2015.
    Skulane som blir med i prosjektet vil få besøk av ein spansklærar to gongar dette skuleåret (ein gong i oktober og ein gong i mars). Spansklæraren vil arbeide med eitt av dei fire temaa de kan velje mellom (sjå vedlegg). Elevane vil bli bedne om å gjere ein aktivitet før og etter skulebesøka.
    LES MEIR
  • European Label - den europeiske språkprisen
    Den europeiske språkprisen European Language Label vert kvart år delt ut til nyskapande prosjekt som har bidrege til å fremje læring av språk. SIU er ansvarlege for tildelinga i Noreg.
    Frist: 19. september 2014
    LES MEIR
ARRANGEMENT
  • Deutsch-Österreichischer Krimi-Abend in Oslo
    Lesung und Gespräch mit dem Autorenduo Bielefeld & Hartlieb und Elin Nesje Vestli
    LES MEIR
  • Tysklærardagane i Bergen
    Dei norske tysklærardagane finn i år stad i Bergen, 23. og 24. oktober.
    LES MEIR
  • Kurs i vurdering og eksamen i framandspråk. Munnleg spansk, fransk og tysk
    Utdanningsforbundet arrangerer kurs for framandspråklærarar 15. oktober i Oslo
    Kurset tar for seg vurdering av dei munnlege ferdigheitene generelt og munnleg eksamen spesielt med utgangspunkt i læreplanen i framandspråk nivå 1 og 2 samt forskrifta til opplæringsloven om vurdering.
    LES MEIR
  • Velkommen til kulturuke Brasil-Noreg 2014!
    Den brasilianske ambassaden i Oslo inviterer alle til å ta del i første utgåve av Kulturuke Brasil-Noreg.
    Arrangementet vil finne stad hos Den brasilianske ambassaden i Oslo (Sigurd Syrs gate, 2) frå 9. til 12. september. Arrangementet er gratis, men krev påmelding. Send gjerne en e-post til cultural.oslo@itamaraty.gov.br med beskjed om kva arrangement du ønskjer å ta del i. Språket nytta ved arrangementet er hovudsakleg portugisisk.
    LES MEIR
  • Tysk i Tyskland - kurs for tysklærarar
    Vil du til Tyskland og forbetre tysken din? Sjå kva moglegheiter du har hjå Deutsche Auslandsgesellschaft
    LES MEIR
RESSURSAR TIL UNDERVISNINGA
  • „Ticket nach Berlin“
    Ein videoserie som følgjer seks ungdommar som skal lære seg tysk og den turbulente reisa dei får gjennom Tyskland. Til kvart av dei 19 programma finst det interaktive øvingar og oppgåver som går på kulturkunnskap – og geografi, ordforråd og grammatikk. Vanskegrad: B1/B2. Serien er eit samarbeid mellom Deutsche Welle og Goethe Institut og er nyleg nominert til Grimme Online Award 2014 – ver med og stem dei fram!
    LES MEIR
  • Barnehage
    Kunne du tenkje deg å arbeide med engelsk i barnehagen?
    Roxy and Me er basert på den nyaste forskinga innanfor området språklæring og består mellom anna av 15 forteljingar, 15 songar og enkle rim.
    LES MEIR
  • Skrivebok på nett
    Gostudyit.com er eit Peer-to-Peer nettverk kor elever kan dele notatar og oppgåver. Her får elevane ein ferdig oppsett blogg kor dei kan dele språkerfaringane sine med det personlege læringsnettverket sitt. Denne ressursen passar for elever som skal samarbeide med andre utover landegrensene.
    LES MER
  • MuVit - eit digitalt verktøy som skal ivareta fleirspråklegheit
    Dette verktøyet har som mål å utvikle kompetansen i fleire språk ved å fokusere på finkjensle og bevissthet rundt språk, samt å motivere barn til å lese og lytte til tekstar på forskjellige språk. Verktøyet finst til no på fem ulike språk, men dette vil bli utvida til å gjelde fleire språk etter kvart.
    LES MEIR
  • Tell it Again!
    The Storytelling Handbook for Primary English Language Teachers. Dette digitale heftet viser korleis ein kan bruke bildeforteljingar i byrjaropplæringa i språk – fortrinnsvis engelsk. Denne boka blei først publisert i 1991, men er no kome i ny drakt i 2014.
    LES MEIR
  • Educator Innovator
    Educator Innovator er både ein blogg og eit nettverk som tilbyr ein interaktiv møtestad for språklærarar. Her kan ein dele erfaringar og undervisningsopplegg med andre lærarar, samt delta på webinar og andre interessante tilbod.
    LES MEIR
  • Mind Your Language International (MYL) har som mål å skape ein global revolusjon når det gjeld måten språk blir undervist på. Organisasjonen ynskjer å la alle få utvikle ein naturleg kjærleik for språk. MYL har utvikla pedagogiske ressursar som gir alle som skal lære eit språk kreative aktivitetar som til dømes matlaging, drama og musikk.
    Informasjon retta mot norske skular og lærarar
    LES MEIR

    For meir generell informasjon om kurs for lærarar og ulike ressursar:
    LES MEIR
Viktige datoer:
Møt oss:

Kontaktinfo:


Telefonopningstid er 9-11 og 13-15.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa/Nasjonalt senter for
fremmedspråk i opplæringen
Høgskulen i Østfold, NO-1757 Halden

Tel: 69 60 83 00

EPOST  

Høgskolen i Østfold

Andre nasjonale sentra

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 18.08.2014 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret