Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%

Februar 2014

 

Februarbrevet
Bli mottakar av nyheitsbrevet vårt!

 Du finn oss òg på Twitter som https://twitter.com/fremmedsprak
Dessutan kan du følgje sida vår https://twitter.com/Sprakvalgno


Framandspråksenteret søkjer deltakar til ECML sitt arbeidsseminar i Austerrike. Vi søkjer ein deltakar frå Noreg til ein konferanse om korleis ein betre kan involvere foreldre i fleirspråkleg og interkulturell opplæring.
LES MEIR


Tilleggspoeng for latin og gresk
Det vert innført tilleggspoeng for programfaga latin og gresk i vidaregåande skule.
Programfaga latin 1, latin 2, gresk 1 og gresk 2 inngår i fagområdet Antikkens språk og kultur, og kvart av programfaga gjev 0,5 tilleggspoeng (140 timar). Tilleggspoeng tél ved søknad om opptak til høgre utdanning.

Dette er ein gledeleg nyheit og tiltaket vil forhåpentlegvis bidra til å styrke stillinga til dei klassiske språka i norsk skule.
LES MEIR




Frankofonifestival og internasjonal feiring av det franske språket.
I samband med frankofonifestivalen arrangerer Institut français ein konkurranse for elevar på ungdomsskular og vidaregåande skular i heile Noreg. Konkurransen er eit samarbeid mellom Institut français, Framandspråksenteret og TV5 Monde.
LES MEIR


COREProject (Clil - Objectives and ResourceKit in Education)
18.-24. oktober vert det arrangert kurs og konferanse på Palma di Mallorca for lærarar, lærarutdannarar og skuleleiarar. Tema for desse dagane er «CLIL i ein større samanheng.» Dei to fyrste dagane inngår som ein del av ein større europeisk konferanse. Førelesarar er Victor Pavón, Spania, Sandra Lucietto, Italia og Lisbeth Brevik, Noreg. Tilsvarande kurs blei heldt i Litauen i mai 2013. Ein kan lese om dette kurset på www.coreproject.no.

Kurset inngår i ErasmusPlus-ordninga og ein kan søkje stipend gjennom siu.no.
Frist for å søkje er 17. mars.



Tysk kulturinstitutt (Goethe-Institut) tilbyr skulebesøk
Den verdsvide tyske kulturinstitusjonen Goethe-Institut har som oppgåve å fremje tysk som framand- og andrespråk, støtte internasjonalt kulturelt samarbeid og å formidle eit omfattande bilete av Tyskland gjennom informasjon om det kulturelle, sosiale og politiske livet. I samband med dette tilbyr Goethe-Institut Oslo informasjonsarrangement for elevar og lærarar i heile Noreg. Hovudmålet er å motivere elevane til å lære seg tysk på skulen. Praktikantane ved Goethe-Institut kjem gjerne òg til din skule. Er du interessert i tilbodet eller har du spørsmål? Ver vennleg ta kontakt med Björn Wortmann (E-post: sprak@oslo.goethe.org, Tel. 22057880).



Veit du kor mykje fransk du kan?
Få eit bevis på franskkunnskapane dine!
Du kan ta fleire testar (TCF, DELF/DALF) ved Institut français i Oslo.
LES MEIR

Eksempeloppgåver for TCF finn du på TV5Monde


Framandspråk i ungdomsskulen: Er fransk i fare? Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa – Notat 1/2014
Utdanningsdirektoratet har publisert elevtal fra ungdomsskulen for skuleåret 2013-14, sjå gsi.udir.no. I dette notatet ser vi nærare på tala for framandspråk, språkleg fordjuping og arbeidslivsfag, i tillegg til to av dei nye valfaga; internasjonalt samarbeid og reiseliv. Vi går også inn på regionale skilnader og skilnader mellom jenter og gutar. Til slutt rettar vi lyset mot situasjonen for fransk, som går ned samstundes som tysk stabiliserer seg og spansk går opp.
LES MEIR


Fleire skular tilbyr teiknspråk til høyrande elevar
Talet på skular som tilbyr teiknspråk som framandspråk til høyrande elevar doblar frå skuleåret 2014-15 når Nydalen vgs. (Oslo) og Sandefjord vgs. set i gang med undervisninga. Framandspråksenteret støttar tiltaket økonomisk.

SISTE NYTT OM FRAMANDSPRÅK

ARRANGEMENT 

  • Freistar eit opphald i Austerrike? Sjå nettsida til bm:ukk for meir informasjon om stad, tid, stipend m.m.
    LES MEIR
  • Utdanningsforbundet arrangerer tre kurs for framandspråklærarar denne våren
    6. mars: Spansk skriftleg – eksamen og vurdering
    26. mars: Engelsk: Smart bruk av teknologi i undervisninga
    10. april: Spansk munnleg – eksamen og vurdering
    LES MEIR
  • Fagsamlingar for spansklærarar i regi av Cappelen Damm
    20. mars: Trondheim
    25. mars: Stavanger
    26. mars: Bergen
    27. mars: Oslo
    Påmeldingsfrist: 11. mars (gjeld alle arrangementa)
    LES MER
  • 2nd Nordic Journal of Modern Language Methodology Conference
    Tema for konferansen: Utfordringar i framandspråksdidaktikken
    LES MEIR
  • Informasjon frå Universitetet i Agder: Konferansen Utfordringar i framandspråkdidaktikken i Kristiansand 12. -13. juni 2014
    Plenumsforelesarar:
    Professor John McRae, University of Nottingham – “FIVE SKILLS ENGLISH: Representational and imaginative materials in language learning and teaching”
    Professor Fernando Trujillo, University of Granada – “Challenges in foreign language complexity: from partial competence to MOOCs through interculturality.”
    Professor Elin Nesje Vestli, University College Østfold – “Å skriva på adoptivtysk: Forfattarar i transit i den tyskspråklege samtidslitteraturen”
    LES MEIR
  • Konferansen Early Language Learning: Theory and Practice in 2014 i Umeå: 12th -14th June, 2014

    Plenumsforelesarar:
    Gail Ellis, British Council, Paris
    Prof. Marianne Nikolov, Pecs University, Hungary
    Prof Jelena Mihaljevic Djigunovic, Zagreb University, Croatia
    Assoc Prof Goto Yuko Butler, University of Pennsylvania, Philadelphia
    LES MEIR
  • III Encuentro de Profesores de ELE en París, 29 de marzo
    International House Barcelona, Instituto Cervantes i París, Forlaget Editions Maison des Langues og forlaget Difusión arrangerer 29. mars eit seminar for spansklærarar i Paris. Seminaret inneholder to viktige konferanser. Temaene er: bruk av poesi i klasserommet og presentasjon og vurdering av digitalt verktøy. Etter konferansane vil deltakarane få høve til å delta på ulike arbeidsseminar.
    Dato: lørdag 29. mars
    Stad: Paris
    PROGRAM
    PÅMELDING
  • Spania-Dagen!
    11. mars går andre utgåve av den Spanske reiselivsmessa av stabelen på Gamle Logen i Oslo.
    Det er fri åtgang og det vil vere gratis smaksprøver av tapas.  
    Ta gjerne med elevane dine!
    Meir info finn du her: PDF
  • X Foro de profesores de ELE, 7 y 8 de marzo de 2014
    Universitetet i Valencia arrangerer 7. – 8. mars fagdagane i Valencia.
    Det vil vere to intensive, interessante dagar med ca. 40 arbeidsseminar å velje mellom. I tillegg vil det vere nokre konferansar med tema som for eksempel: nye digitale verktøy til bruk i undervisning eller flerkulturalitet i klasserommet.
    Meld deg på før 5. mars!
    LES MEIR

NYHETER OM FRAMANDSPRÅK

  • Ta Vg3 i Murmansk - lær RUSSISK
    Den norsk-russiske skulen i Murmansk er eit unikt og framtidsretta studietilbod for elevar som ynskjer å lære russisk i tillegg til å oppleve ein ny kultur og eit nytt land. Tilbodet er godkjent som norsk Vg3 og gjev studiekompetanse.
    LES MEIR

RESSURSAR TIL UNDERVISNINGA

  • Tarantino i Alpane? Alpekrimmen "Das finstere Tal" av Thomas Willmann kjem på kino.
    LES MEIR
  • Lær arabisk med ein av vinnarane av European Language Label 2013 - Arabic Online
    LES MEIR
  • Ny bok i hylla!
    I desember 2013 publiserte Akademika forlag arbeidsboka til “Voces del Sur I”. Denne boka gjer den fyrste lærebokserien av forfattaren Cecilie Lønn komplett. Arbeidsboka inneheld mange songtekstar og varierte oppgåver.
    Lærebokserien har ei eiga nettside som heiter Vocesdelsur.com
    Voces del Sur II kjem ut i 2014.
  • Utbildningsradion (UR)
    Flotte ressursar med mellom anna nyheiter på målspråket! (Tysk, fransk, spansk og italiensk)
    LES MEIR

Har du lyst på nyheitsbrevet vårt? Ta kontakt

Tidlegare nyheitsbrev

 
Viktige datoer:
28.05 - Møte på KD
04.06 - INNLAC
06.06 - Møte i Ungarn
Møt oss:

Kontaktinfo:


Telefonopningstid er 9-11 og 13-15.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa/Nasjonalt senter for
fremmedspråk i opplæringen
Høgskulen i Østfold, NO-1757 Halden

Tel: 69 60 83 00

EPOST  

Høgskolen i Østfold

Andre nasjonale sentra

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 26.02.2014 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret