Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%

 

JUNIBREVET

Vil du bli abonnent?
EDL_Logo_250.jpg
Språkdagen og språkdagkonkurransen

I samband med Språkdagen 26. september inviterer vi skuler til å ta del i språkdagkonkurransen vår: Grunnloven har bursdag!

Vil du ha materiell til markeringa?
Ta kontakt og vi sender plakater, klistremerker med meir.
LES MEIR

Lurer du på kor du finn gode oppslagsverk på nett?
Her finn du eit lite utval.
  • Mange språk http://sv.bab.la/
  • Tysk http://www.canoo.net/
  • Engelsk http://www.merriam-webster.com/
  • The Speech Accent Archive. Dette arkivet er laga for å vise den store variasjonen av aksentar som finst i dei ulike språka. Dette er eit læringsverktøy ein kan bruke både i høgare utdanning og på lågare klassetrinn. Ein kan øve både uttale, samanlikne aksentar og arbeide med å kople lyd og fonetiske symbol.
    http://accent.gmu.edu/
  • International Dialects of English Archive. Dette er eit arkiv kor ein kan lytte til ulike dialektar og aksentar av det engelske språket. Alle opptak er av morsmålsbrukarar av engelsk. Her finn ein variantar av engelsk frå heile verda! http://www.dialectsarchive.com/

Ledig stilling som rådgivar i fransk
For perioden 1.1.15 til 31.12.2015 er det ledig eit engasjement i 50 % stilling som rådgivar i fransk hjå Framandspråksenteret.
LES MEIR

Vil du vite kva for språk elevane vel på vidaregåande skule?
Les notatet vårt som fortel at det er stabile tal for engelsk, fransk, spansk og tysk – rask vekst for kinesisk.
LES MEIR

Vil du bli kjend med ein anna kultur og samstundes lære bort noko om norsk kultur?
Kanskje familien din kan bli vert for ein utvekslingsstudent via AFS?
LES MEIR

Ny forsking om andrespråkslæring i barnehagen!
Gunhild Tomter Alstad har i doktorgradsarbeidet sitt analysert barnehagen som språkarena. Ho har sett på tre ulike barnehagar og korleis dei arbeider når dei skal lære barn eit nytt språk. I ein av barnehagane arbeider dei med engelsk. Spennande!
LES MEIR (Avhandlinga finn du HER)

Fulbright_Logo_250.jpg
Kunne du tenkje deg å invitere ein amerikansk lærar til skulen din? Det kan bli ei kjempeoppleving for både elevar og lærarar! Les om ein av lærarane som kjem til hausten: Heather Bandeen. Vil du booke besøk allereie no? Ta kontakt med Rena levin hjå Fulbright.

Vil du ta ein “Master i framandspråk” med engelsk som hovudspråk?
Høgskolen i Østfold har ledige plassar til hausten! Kontaktperson: Eva L. Björk (Tlf. 69215294 – E-post: eva.l.bjork@hiof.no).
LES MEIR

NYHEITER
  • Gjer som stjernene - lær språk!
    Vis elevane dine døme på stjerner som kan meir eller mindre av ulike språk
    LES MEIR
  • Ny Tysklandsstrategi frå regjeringa
    Der kan du mellom anna lese at regjeringa ynskjer å stimulere „til auka interesse for tysk språk og Tyskland i skulen og blant studentar“. Strategien vil òg bli supplert med ein handlingsplan.
    LES MEIR
  • Skuleelevar skal hjelpe språkforskarar
    I september kan skuleelevar ta del i ein nasjonal forskningsdugnad for å kartleggje språk og språkbruk blant unge i Noreg.
    LES MEIR
  • Jonathan Silverman (a roving scholar for American Studies in 2007-08) is collaborating on a study of the international fandom of Johnny Cash, largely based on his experience in Norway, lecturing on him for high school students and English teachers. He has prepared a short survey in order for him to collect responses and would love help promoting the survey. You can also contact him directly at Jonathan_Silverman@uml.edu.
ARRANGEMENT
  • Franskkurs for lærarar hausten 2014
    Det er nokre plassar att på etterutdanningskurset Bain linguistique, culinaire et culturel på Les Brunets i Charente-Maritime for fransklærarar 13. – 26. september 2014.
    Ny søknadsfrist er 28. august!
    LES MEIR
  • Kursdag for engelsklærarar i Sverige 13. eller 14.august!
    Utbildningsetaten arrangerer i samarbeid med Cambridge University Press, Pearson Education og Oxford University Press heildagskurs for engelsklærarar i Stockholm 13/8 og i Gøteborg 14/8. Programmet består av tre førelesingar à 90 minutt, samt kaffe og lunsj.
    LES MEIR
  • Har du lyst på ei annleis studieoppleving? Kva med å studere i USA!
    Viss ein ynskjer å gjennomføre heil, eller delar av ein master- eller doktorgrad i USA, kan ein søkje. Fulbrightstipendet varierer frå NOK 75.000,- til NOK 150.000,- For det akademiske året 2015-16 er søknadsfristen: 1. oktober 2014.
    LES MEIR
  • Språkkurs med SIOC
    Med SIOC kan du lære spansk, fransk, engelsk, tysk, italiensk, portugisisk, russisk eller kinesisk. Dei har kurs for alle nivå, både for nybegynnarar til avansert forretningsspråk.
    LES MEIR
  • Samling i Valencia (Spania)
    Valencias polytekniske universitet organiserer den andre samlinga for spansklærarar i Valencia (Spania). Det vil være konferansar og arbeidsseminar i samband med bruk av IT i undervisninga.
    Dato: 3. – 5. september 2014
    Stad: Valencia (Spania)
    LES MEIR
  • Seminar i Murcia (Spania)
    Den Katolske Universitetet San Antonio arrangerer sitt 2. seminaret om lingvistikk, litteratur og kultur i moderne språk.
    Dato: 10. – 12. september 2014
    Stad: Murcia (Spania)
    LES MEIR
  • Seminar i Madrid
    ASELE (asociación para la enseñanza de español como lengua extranjera) arrangerer sitt 15. seminar!
    Dato: 17. – 20. september 2014
    Stad: Madrid
    LES MEIR
  • Lærarutdanningskurs i Sevilla for spansklærarar
    International House arranger følgjande utdanningskurs for spansklærarar som er nettbasert: lesing og skriving i timen (leer y escribir en el aula con Daniel Cassany).
    Dato: 6. – 19. oktober 2014
    LES MEIR
  • Seminar i Barcelona
    International House Barcelona og Difusión arrangerer seminar for tjuetredje gong i Barcelona med interessante konferansar og motiverande arbeidsseminar. Påmeldinga er allereie åpen!
    Stad: Barcelona
    Dato: 19. – 20. desember 2014
    LES MEIR

RESSURSAR TIL UNDERVISNINGA
  • Aktuelle engelske bøker
    Her er det mykje fint for både barn, unge og vaksne.
    LES MEIR
  • Nye bøker
    Keaveney, Sharon and Lundberg, Gun: Early Language Learning and Teaching, A1-A2
    Murphy, Victoria: Second Language Learning in the Early School Years: Trends and Contexts
  • Korleis gjere eleven til ein betre skrivar?
    Filmen frå svenske Utbildningsradion (UR) viser ein metode for språkanalyse og arbeid med tekstar.
    LES MEIR
  • Rekning og språk
    Rekning er ei av dei fem grunnleggjande ferdigheitene. Her er eit munnleg tips som knyter saman tal og framandspråk på ein kreativ måte. Tipset inneheld ei lett og ei vanskeleg oppgåve for følgjande språk: engelsk, fransk, russisk, spansk og tysk.
    LES MEIR
  • LyricsTraining
    Ein morosam og enkel måte å lære og forbetre språkkunnskapane dine ved hjelp av musikkvideoar og songtekstar.
    LES MEIR
  • Lesesenteret presenterer lesing i alle fag
    LES MEIR
  • Visste du om denne nettavisa?
    The Foreigner er ei onlineavis/tidsskrift som publiserer oppdaterte norske nyheiter på engelsk. Nyheitsartiklane er fine å bruke i engelskundervisninga både på ungdomstrinnet, i vidaregåande skule og i vaksenopplæringa.
Viktige datoer:
28.05 - Møte på KD
04.06 - INNLAC
06.06 - Møte i Ungarn
Møt oss:

Kontaktinfo:


Telefonopningstid er 9-11 og 13-15.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa/Nasjonalt senter for
fremmedspråk i opplæringen
Høgskulen i Østfold, NO-1757 Halden

Tel: 69 60 83 00

EPOST  

Høgskolen i Østfold

Andre nasjonale sentra

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 11.08.2014 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret