Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%

 

Maibrevet

Språkprisen 2014 - European Label

Skolar, institusjonar, organisasjonar og enkeltpersonar som driv med språkopplæring, både innan formelle og uformelle læringsarena, kan søke.
Søk innan 19. september
LES MEIR



British Council har ei mykje god og særs innhaldsrik nettside med eit hav av ressursar for engelsklærarar på alle nivå. Her kan ein finne alt frå lyttemateriell med oppgåver, til bloggar, videosnuttar, skrivetips, grammatikk og anna"snadder".
LES MEIR

Appar til engelsk- og tyskundervisninga
Her kan du finne døme på appar som kan vere fine å bruke i engelsk- og tyskundervisninga! Har du gode døme på språkappar du brukar med elevane dine? Tips oss gjerne!
LES MEIR

Vil du studere eit år i England?
Er du sjølv elev i den vidaregåande skulen, eller kjenner du nokon som er det? Kanskje tilbodet om å studere eitt år i England er interessant? Heltberg International School er ein vidaregåande skule i Oslo som kan tilby elevar å ta Vg2-året i York eller Norwich, England.
LES MEIR

Nettstudium om bruk av digitale verktøy
Kunne du tenkje deg å lære meir om bruk av digitale verkty i engelskundervisninga? NTNU tilbyr dette kurset som nettstudium i haustsemesteret 2014. Søknadsfrist er 15. juni.Studiepoeng: 7,5.
LES MEIR

Engelsk fjernundervisning - Take Credit!
Dette gir deg moglegheit til å studere engelsk på universitetsnivå - heimefrå! Søknadsfrist: 15. juni.
LES MEIR



Den europeiske språkdagen
Vi oppmodar alle skular og institusjonar til å markere dagen 26. september.
Ta kontakt med info@framandspraksenteret.no for å få tilsende materiell.
LES MEIR


Samling for spansklærarar i Skandinavia (Stockholm)

Arrangementet er retta mot alle interesserte lærarar i spansk. Her vil det bli mogleg å delta på konferansar og arbeidsseminar i tillegg til andre relevante aktivitetar.
Dato: 13. -14. juni
Stad: Instituto Cervantes, Stockholm
LES MEIR

Samling for spansklærarar i Polen (Krakow)
Fokus på dette seminaret er: måten læraren kommuniserer på i undervisninga og dei utfordringane han/ho kan ha i eit mangfoldig klasserom.
Dato: 6.-7. juni
Stad: Krakow (Polen)
LES MEIR

Samling for spansklærarar i Italia (Napoli)
Hovudtema: Korleis formidler lærarane lingvistisk og kulturell informasjon i undervisninga.
Dato: 6. juni
Stad: Napoli
LES MEIR

Nettstudium i spansk gjennom NTNU
Migrasjoner i den spansktalende verden. (7,5 stp). Søknadsfrist: 10.juni. 
LES MEIR 


TOKTOK - nytt digitalt pedagogisk verktøy for barnehagen!
TOKTOK er eit engasjerande og heilskapleg verktøy frå CappelenDamm som skal bidra til å stimulere språk hos barn. Verktøyet er meint for alle barn i barnehagen. Det legg vekt på systematisk utvikling av språk gjennom leik og samtale, og er spesielt lagt til rette for minioritetsspråklege og dei med forseinka språkutvikling. Ein kan få tilgang til 11 spel (lotto og memory), Boka om  Hannah, plansjar i A3-format, foreldrehefte på 14 språk i tillegg til norsk, samt rettleiingshefte.
Nettressursen er allereie tilgjengeleg for gratis utprøving og vil vere gratis ut 2014. I denne ressursen kan ein byte mellom 18 ulike språk, kor engelsk er eitt av dei. Dei andre ressursane vert tilgjengelege i oktober/november.
LES MEIR

NYHEITER
  • Ved Framandspråksenteret er det ledig mellombels 100 % stilling som prosjektmedarbeidar i engelsk  fram til 31.12.2014
    LES MEIR
  • Ved Framandspråksenteret er det ledig mellombels 50 % stilling som barnehagelærar / førstekonsulent fram til 31.12.2014
    LES MEIR
  • Transkripsjon av lyttetekstar
    Ei rekke av lyttetekstane som ligg tilgjengelege på Framandspråksenterets sider er no òg publisert i transkribert form.
    LES MEIR
  • Nytt tilbod om språk og realfag ved Steinkjer vidargåande skule
    Spissa tilbod i språk og realfag ved Steinkjer vidaregåande skule frå hausten 2014. Elevar som vel dette tilbodet vil få høg kompetanse i både språk- og realfag og vere særs godt rusta til studium innan- og utanlands.
    LES MEIR
  • Skal du undervise i engelsk på yrkesfag? Her er gode tips å hente!
    Framandspråksenteret har mange ressursar for deg som underviser i engelsk på dei yrkesfaglege programområda. Fyrst og fremst finn du desse ressursane på heimesida vår under FYR– fellesfag med yrkesretting og relevans, men du vil og kunne finne ressursar andre stader på heimesida vår.
    LES MEIR
ARRANGEMENT
  • Drama in the English Classroom – ein seminardag om drama i engelskundervisninga 3. oktober 2014
    Stad: Uppsala universitet, Uppsala. Seminaret freistar å inspirere og stimulere engelsklærarar til å ta vare på dei moglegheitene for språklæring drama kan gi elevane. Seminaret er praktisk, og lærarane får sjølve ta aktiv del i å teste ut og skape dramatiske produksjonar på engelsk. Seminaravgift: 900 SEK + moms (i avgifta er program, dokumentasjon, lunsj og kaffe inkludert). Reise kjem i tillegg. For meir informasjon, kontakt Maria Allström (maria.allström@fba.uu.se).
    Påmeldingsfrist: 3.september:
    Arrangør: Fortbildningsavdelingen (Uppsala universitet), Sverige.
    LES MEIR
  • Engelsk som "lingua franca"
    Den sjuande internasjonale konferansen om engelsk som 'lingua franca', ELF, vert arrangert i Aten frå 4. til 7. september. Målgruppe: Engelsklærarar frå alle skuleslag som underviser språkbrukarar med ulik kultur- og utdanningsbakgrunn.  Meld deg på innan 30.juni!
    LES MEIR
RESSURSAR TIL UNDERVISNINGA
  • Aktuelle engelske bøker
    Her er det mykje fint for både barn, unge og vaksne.
    LES MEIR
  • Katalog med oversikt over engelske bøker og filmar
    LES MEIR
  • Lettlese bøker på spansk
    LES MEIR
  • Lettlese bøker på fransk
    LES MEIR
  • Lingua Planet har no òg fått tekst- og grammatikkhefte for fransk, spansk og tysk!
    LES MEIR
  • Nye opplegg for fransk nivå I
    Det finnes no fleire opplegg for fransk nivå I på Framandspråksenteret sine ressurssider. Her er to eksempler: ein kort munnleg og skriftleg aktivitet om emnet «Ma famille» og eit omfangsrikt opplegg om bruk av statistikk om den franske og den norske befolkninga.»
    LES MEIR

Viktige datoer:
Møt oss:

Kontaktinfo:


Telefonopningstid er 9-11 og 13-15.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa/Nasjonalt senter for
fremmedspråk i opplæringen
Høgskulen i Østfold, NO-1757 Halden

Tel: 69 60 83 00

EPOST  

Høgskolen i Østfold

Andre nasjonale sentra

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 28.05.2014 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret