Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%

 

Oktoberbrevet

Vil du bli abonnent?
Nyaste utgåve av Acta Didactica er no ute!
Dette er eit temanummer om engelsk og framandspråk. Etter initiativ frå Framandspråksenteret har språkforskarar blitt invitert til å publisere empiri, analyse og faglege visjonar om utviklingstrendar innanfor språkfaga fram til 2030.
LES MEIR

Framtidas engelsk- og framandspråkopplæring
Les kva Gerard Doetjes (Framandspråksenteret) og Elin Nesje Vestli (HiØ) skriv om mellom anna globalisering, teknologisk utvikling, tidleg start på bloggen til Ludvigsen utvalet.
LES MEIR

Språkval: infomateriell og skulebesøk

Snart er det igjen tid for at mange elevar i vidaregåande opplæring vel programfag, og vi ynskjer sjølvsagt at så mange som mogleg satsar på språkfag. På informasjonssida vår retta mot elevar, www.sprakval.no, kan dei på si eiga datamaskin, smarttelefon eller nettbrett lese litt fakta om kvart av språka som tilbys i skulen.
Sprakval.no har òg si eiga Facebook-side, Instagram-konto og twitter-konto der elevar alltid finn ferske nyheiter om kvart språk.
Lærarar kan òg kontakte Tina Buckholm for å bestille brosjyrar (oversikta finn du HER) – vi sender ut gratis!
Skular som ynskjer besøk frå infoteamet vårt for programfag nivå III kan ta kontakt med Eskil O. Vestre. Førstemann til mølla!

Gjennomføringsbarometeret 2014
Kor mange fullfører vidaregåande skule? Rapporten viser korleis vi ligg an på dei ulike indikatorane eitt år etter at prosjektet Ny GIV blei avslutta. Målet med prosjektet var å etablere eit varig samarbeid mellom stat, fylkeskommunar og kommunar, for å betre elevenes føresetnader for å fullføre og bestå vidaregåande opplæring.
LES MEIR


fs_logo_venstre_220.jpg
Underviser du i valfaget reiseliv på ungdomstrinnet?
Har du hugsa å melde deg på samarbeidsmøtet om reiselivsfag?
Det er framleis ledige plassar!
LES MEIR

Pedagogiske ressursar for barnehagen
Framandspråksenteret er i ferd med å publisere mange nye pedagogiske ressursar for barnehagen! Hugs å følgje med på desse sidene for å prøve ut nye opplegg.
LES MEIR

Har du tospråklege barn heime?
Arbeider du i barnehage med barn som er fleirspråklege?

Hjå The Bilingual Bookshop kan du finne både bøker og andre språklæringsverkty som barna vil like! Du kan òg følgje bloggen og få gode tips til korleis du kan arbeide med fleirspråklege barn.
LES MEIR

Utdanningsdirektoratet har no publisert tidlegare svar på eksamensoppgåver i engelsk både for grunnskulen og for engelsk fellesfag i vidaregåande skule
Ein kan òg lese grunngjeving for vurderinga som har blitt gjeve.
ENGELSK FELLESFAG
ENGELSK GRUNNSKOLE


Kompetanseprofil i grunnskulen (2013/2014)
Rapporten presenterer resultat (SSB) frå kartlegging av formell kompetanse blant grunnskulelærarar i dei faga dei underviser i.
57% av lærarane som underviser i engelsk har fagleg fordjuping målt i studiepoeng. For framandspråka (her fransk, tysk og spansk) er situasjonen noko betre: fire av fem lærarar har fordjuping i det språkfaget dei underviser i.
LES MEIR

NYHEITER
  • "Norsk-russisk skule i Murmansk - eit unikt fenomen i utdanningssektoren"
    - reportasje frå Murmansk-baserte Arktik-TV om årets kull ved NRS
    Sjå reportasjen HER
  • ASCHEHOUG FORLAG fekk gull i den prestisjetunge BELMA-utdelinga i Frankfurt for læreverket Quest.
  • I samband med «Munich Security Conference 2015 Junior Ambassadors program» har det blitt lyst ut ein essaykonkurranse
    Dei tre vinnarane blir invitert til konferansen i tillegg til at dei får dekt reiseutgifter og hotell.
    LES MEIR
  • Konkurranse: Sporten i mitt liv. DELTA OG VINN!
    Likar du sport som tilskodar eller er du aktiv sjølv? Interesserer du deg for film og vil gjerne lage ein sjølv? Lag ein film over temaet «Sporten i mitt liv» og vinn ein flott premie! Frist: 16. november.
    LES MEIR
ARRANGEMENT
  • St. Olaf College og informasjonskveld med NORAM
    St. Olaf College ynskjer seg fleire norske studentar og du kan treffe dei hos NORAM, 24. november. Jenny Howenstine fra St. Olaf kjem for å fortelje om skulen, om kva ein kan studere, og stipendmoglegheiter.
    LES MEIR
  • Informasjon om studier i USA
    Har du lyst til å lære meir om det å studere i USA? Den amerikanske ambassaden arrangerer gratis seminar i Oslo og Ålesund i slutten av november.
    LES MEIR
RESSURSAR TIL UNDERVISNINGA
  • Underviser du tysk i skulen eller arbeider du med tyskspråklege barn, heilt ned i barnehagealder?
    Då kan dette vere ein ressurs for deg! Das Häuschen und das Mäuschen er ei samling tyske barnedikt som ein kan bruke på ulike nivå i tyskundervisninga. Hovudtema er dyr, plantar og dei fire årstidene.
    LES MEIR
  • Ressurs for japansk
    I denne ressursen kan elevane teste seg sjølv i hiragana. Oppgåva eignar seg for elevar som har lært hiragana og dei grunnleggjande stavereglane - tenten/maru, små ya/yu/yo, lange vokalar og dobbeltkonsonanter.
    LES MEIR
  • Er du på Facebook og underviser i engelsk og/eller norsk?
    Kanskje sida til Gyldendal Undervisning kunne vere noko for deg! Sida heiter Språkfag VGS og gir deg alt frå korte tips til heile undervisningsopplegg. Opplegga er tenkt for vidaregåande skule, men her er det mykje å hente for ungdomstrinnet òg.
    LES MEIR
  • British Council: Tilbod om læremiddel, klasseromsmateriell og moglegheit til å kome i kontakt med andre lærarar som underviser i engelsk. Interessert?
    LES MEIR
  • Wordshake og andre populære spill for ordlæring og 'grammar snacks' hos British Council Learn English
    LES MEIR
  • The Culturally Authentic Pictorial Lexicon (CAPL)
    Ei annleis ordbok med autentiske fotografi for læring av fleire språk
    LES MEIR
Viktige datoer:
Møt oss:

Kontaktinfo:


Telefonopningstid er 9-11 og 13-15.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa/Nasjonalt senter for
fremmedspråk i opplæringen
Høgskulen i Østfold, NO-1757 Halden

Tel: 69 60 83 00

EPOST  

Høgskolen i Østfold

Andre nasjonale sentra

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 24.10.2014 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret