Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%

 

Augustbrevet

Vil du bli abonnent?

2015_rovers_250.jpg
Har du hugsa å booke ein Fulbright Roving Scholar?
“Fulbright Roving Scholars” er amerikanske pedagogar/lærarar som mottar det prestisjefylte Fulbrightstipendet for å tilbringe eit år i Noreg. Rovarane reiser landet på kryss og tvers for å gjesteforelese på ungdoms- og vidaregåande skular og utveksle kunnskap og erfaringar med norske lærarkollegaar. Kvar Rovar tilbyr eit utval presentasjonar innan relevante tema, t.d. «Native Americans and Repatriation», «Teen life in America», «American Environmentalism», «Civil Rights in America» osv. Dei held òg kurs og workshops for lærarar og ved lærarutdanningar landet over.
LES MEIR

GI_Logo_horizontal_green_250.jpg
Mit Deutsch unterwegs in Norwegen - Slå til med tysk!
Med „tysk-bilen“ sin besøker Goethe Institut skular på bestilling. Dei første som får glede av dette i haust, er skular i Oslo og Akershus, men allereie til året vert tilbudet utvida til å gjelde andre landsdelar.
LES MEIR

SiU_logo_250.jpg

Erasmus +: Middel til Mobilitet i verda

Ønskjer du å søke støtte til studie- eller undervisningsopphald i partnerland utanfor EU? Kanskje Erasmus+ er noko for deg!
LES MEIR

EDL_Logo_250.jpg
Har du hugsa å bestille materiell til Språkdagen?
Kvart år markerer vi Den europeiske språkdagen. Du kan feire dagen på din skule òg! Send ein mail og du får materiell tilsendt gratis.
LES MEIR

Ta del i språkdagkonkurransen vår!
Framandspråksenteret inviterer iår barneskuler til å send inn bidrag til språkdagkonkurransen vår. Vinnaren får NOK 10.000,-! Frist for innsending er fredag 30. oktober 2015 - info@fremmedspraksenteret.no.
LES MEIR

Barnehagekonferanse_bilde_250.jpg
Stor interesse for Framandspråksenteret sin konferanse for barnehagesektoren!
Framandspråksenteret arrangerer sin aller første konferanse for barnehagesektoren torsdag 15.oktober ved Høgskulen i Østfold sine lokale i Halden. Konferansen er no fullteikna, men ta gjerne kontakt med oss om dette er ein type konferanse du kunne tenkje deg å delta på ved eit seinare høve.
info@fremmedspraksenteret.no

Leike med andre språk i barnehagen?
Framandspråksenteret har utarbeidd konkrete tips til korleis små drypp med engelsk eller andre språk kan bli ein del av kvardagen i barnehagen. Lag di eiga magiske eske til samlingsstunda eller bli med inn i Our House for å finne mange spennande aktivitetar for å stimulere barna si ibuende nysgjerrigheit for språk.
LES MEIR

ORDINNLÆRING – Ein ny ressurs frå Framandspråksenteret!
Vi har no publisert ei samling tips til å variere arbeidet med ordlæring på nivå I. Ressursen er i noverande form ein førebels versjon og vil i løpet av hausten bli supplert med forklarande illustrasjonar, og i enkelte tilfelle òg av instruksjonsvideoar. Og meir er i vente!: Vi jobbar nett no med ein liknande ressurs når det gjeld innøving av språklege strukturar.
LES MEIR
NYHEITER
  • Framandspråkambassadør 2015
    Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa (Framandspråksenteret) utnemner årleg ein framandspråkambassadør.
    Veit du om ein aktuell kandidat til prisen? (Send tips til info@fremmedspraksenteret.no)
    Utnemninga går til ein person, ei gruppe personar eller ein organisasjon som på ein mønsterverdig måte og på nasjonalt nivå
    a. utmerker seg når det gjeld eigen bruk av framandspråk og/eller
    b. framhever nytta av å meistre framandspråk og viser at det å kunne fleire språk er ein ressurs.
    LES MEIR
  • TROLLSTIPEND
    Er du fransklærar? Gjennom Troll-avtalen kan du få støtte til studieopphald i Frankrike. Du kan òg reise med klassen din slik at elevane kan få høve til å bli betre kjent med fransk språk og kultur.
    LES MEIR
  • Utlysing av prosjektmiddel til språktiltak
    Kulturdepartementet ønskjer med denne utlysinga å stimulere til tiltak som direkte eller indirekte kan bidra til å styrkje det norske språket, minoritetsspråka i Noreg eller norsk teiknspråk.
    LES MEIR
  • Invitation to take part in testing descriptors for Competences for Democratic Culture from July to mid-September 2015
    LES MEIR
ARRANGEMENT
  • Bli med på konferanse med eTwinning
    eTwinning inviterer denne hausten til årskonferanse i Brussel og nye seminar i Frankrike, Makedonia (FYROM) og Spania.
    eTwinning dekker flyreise og konferanseopphald.
    LES MEIR
  • Er du tysklærar?
    Bli med på etterutdanningskurs i Tyskland. Kurset finn stad i Trier veke 48, 2015.
    LES MEIR
  • Er de kjent med faglig-pedagogisk dag på UiO?
    Den store etterutdanningsdagen for lærarar og skuleleiarar i 2015 blir den 29. oktober. På faglig-pedagogisk dag kan kolleger treffe kvarandre for fagleg påfyll og inspirasjon. Dagen er gratis og åpen for alle som jobbar i skulen.
    LES MEIR
  • Årleg konferanse for kinesisklærarar
    Confucius Institute i Bergen inviterer til konferanse 17. og 18. september 2015 på Elvebakken skule i Oslo.
    LES MEIR
  • Konferanse om internasjonal rekruttering i eit strategisk perspektiv
    Bør Noreg tenka meir målretta og heilskapleg når det gjeld kva utanlandske studentar ein skal tiltrekka seg?
    LES MEIR
RESSURSAR TIL UNDERVISNINGA
  • Underviser du i engelsk fordjuping?
    Framandspråksenteret har laga mange nye undervisningsopplegg for ungdomstrinnet. På nettsida vår finn du no 19 nye undervisningsopplegg for engelsk fordjuping. Opplegga er varierte og basert på autentiske kjelder.
    LES MEIR
  • Engelsklærar på yrkesfag?
    Framandspråksenteret har ansvaret for engelskfaget i FYR og har utvikla mange ressursar for deg som skal undervise i engelsk på YF dette skuleåret.
    LES MEIR
  • Engelske lyttetekstar for YF og SF
    Framandspråksenteret har fått i oppdrag å kvalitetssikre og publisere eit utval av dei lyttetekstane Udir laga til eksamen i perioden 2002-2013. Vi har òg publisert eigne lyttetekstar for YF og er i gang med å produsere fleire.
    LES MEIR
  • Kva med å nytte japansk teiknefilm i undervisninga?
    Det japanske teiknefilmmeisterverket Chihiro og heksene har kome ut med norsk tale!
    LES MEIR
  • Brennpunkt Deutsch
    Tidsskrift eigna som eit komplement i tyskundervisninga. Til kvart nummer følgjer det med lyfdilar som foreligg på CD eller på nett.
    LES MEIR
  • Fleirspråklege verb – ressurs på tolv språk frå NAFO (Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring)
    LES MEIR
  • Mein Sprachportal
    Ein rikhaldig og godt strukturert ‪‎austerriksk‬ plattform for den som lærer ‪tysk‬ – her finn du materiell til gratis nedlasting, online øvingar, videoar og podcastar.
    LES MEIR
  • 6 tips for en vellykket Franskundervisning
    Veldig bra blog med gode tips og ressurser (se pratiquer, se ressurser)
    LES MEIR
  • Har du spørsmål om teiknspråk?
    Det europeiske språksenteret (ECML) har ei fin oversikt med FAQs som gjeld teiknspråk.
    LES MEIR

Tidlegare nyheitsbrev

Viktige datoer:
Møt oss:

Kontaktinfo:


Telefonopningstid er 9-11 og 13-15.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa/Nasjonalt senter for
fremmedspråk i opplæringen
Høgskulen i Østfold, NO-1757 Halden

Tel: 69 60 83 00

EPOST  

Høgskolen i Østfold

Andre nasjonale sentra

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 09.09.2015 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret