Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%

 

Januarbrevet

Vil du bli abonnent?

Communicare-2014_forside_150.jpgNytt nummer av Communicare er ute!
Denne utgåva har ungdomsskulen som hovudtema. Du kan lese om ungdomsskulesatsinga og korleis Framandspråksenteret satsar mot barnehagen.
LES MEIR

Engelsk fordjuping
Framandspråksenteret har utarbeidd opplegg for engelsk fordjuping. Opplegga kan òg nyttast i den ordinære engelskundervisninga. I serien Take a Walk finn du opplegg der elevane skal ut av klasserommet.
LES MEIR

Markant auke for tysk
Tal for fagvalet på 8. steg syner ein markant auke for tysk. Fallet for fransk held fram. Talet på elevar med framandspråk er på det høgaste nivået sidan innføringa av Kunnskapsløftet. LES MEIR om utviklinga sidan 2005-06 i det nye talnotatet vårt.

francophonie_nouveau_logo_250.jpg
Frankofonikonkurransen
Dis-moi comment tu accueilles

I mars 2015 kan du ta del i Frankofonifestivalen og ei internasjonal feiring av det franske språket.
Les meir om La francophonie på organisasjonen si eiga nettside.
LES MEIR

Pedagogiske ressursar for barnehagen
Framandspråksenteret sine første eigenproduserte pedagogiske ressursar for barnehagen er no klare til bruk! Her kan ein finne gode idéar og konkrete opplegg til korleis ein kan leike og lære engelsk eller eit anna framandspråk. Både ressursen The Magic Box og Our House er vel verdt å kike på.
LES MEIR


ECML_250.jpg
Utlysing av europeiske prosjektmiddel: Languages at the heart of learning

ECML, som er det europeiske senteret for (framand)språkopplæring, har lyst ut prosjektmiddel for perioden 2016-2019. Overordna tema for prosjektperioden er sambandet mellom språklæring og læring, og innanfor dette temaet er det formulert åtte ulike prosjektforslag. Vi oppfordrar deg som er språkdidaktikkforskar, lærarutdannar eller erfaren språklærar til å sende inn ein søknad. Det er mogleg å søkje som enkeltperson eller som gruppe. For meir informasjon sjå ECML si nettside eller ta kontakt med Gerard Doetjes.

Vil du ta del i workshop med deltakarar frå heile Europa?
Framandspråksenteret søkjer ein deltakar frå Noreg til ein workshop om språkopplæring i barnehage/førskule. Du må være førskulelærarutdannar og ha erfaring frå arbeid med fleirspråklege elevar.
LES MEIR


NYHEITER
  • Nettbasert språkundervisning gjer elevane fleire moglegheiter
    På dei fleste skulane kan elevane i dag velje mellom tysk og fransk og/eller spansk. Nettbasert språkundervisning kan bidra til ein auke i språktilbodet. Dette kan du lese på bladet Utdanning si nettside.
    LES MEIR
  • Nordic Journal of Modern Language Methodology
    Ny utgåve er no tilgjengeleg!
    LES MEIR
  • Fransk lærar søkjer samarbeidspartner i Noreg
    Kunne du tenkje deg å få besøk av ein lærar frå Frankrike på skulen din? Laureen Aguesse (Nantes) ønskjer å vite meir om pedagogisk tilnærming i norsk skule og vil gjerne kome i kontakt med ein eller fleire norske skular for besøk i mai/juni. Ta kontakt med Lauren Aguesse direkte om dette er av interesse.
ARRANGEMENT
  • Barnehagekonferanse 12. februar 2015
    Stiftelsen IMTEC og samarbeidspartnarar ønskjer velkommen til den fjerde konferansen om bruk av digitale verktøy med barnehagebarn.
    LES MEIR
  • Språkdagar i Uppsala 6.-7. mars 2015
    Språklärarnas riksförbund i Sverige arrangerer språkdagar i Uppsala 6.-7. mars 2015. Ta ein kik på det rikhaldige programmet!
    (Parallellsesjonar for engelsk, frank, italiensk, kinesisk, russisk, spansk og tysk.)
    LES MEIR
  • Velkommen til engelskkurs hos Gyldendal!
    LES MER
  • CappelenDamm tilbyr kurs i engelsk for lærarar på 1.-7. trinn og for lærarar på ungdomstrinnet.
    For 1.-7.trinn er det kurs i læreverket Stairs medan lærarar på ungdomstrinnet kan få ny input for læreverket Connect.
    LES MEIR
  • Brunetkurs - etterutdanning for fransklærarar
    Vi minner om søknadsfristen for Brunetkurset som finner sted 30.4.-13.5.
    Fristen er 15. mars, og fristen for å søke trollstipend er 1. april.
    LES MEIR
RESSURSAR TIL UNDERVISNINGA
  • Tips til munnlege aktivitetar i klassen
    På nettsidene til Editions Didier finn du mange gode tips til munnlege aktivitetar i klassen.
    LES MEIR
  • Troll i ord - Leiker og språkverktøy for heim, barnehage og skule. 
    LES MEIR
Viktige datoer:
Møt oss:

Kontaktinfo:


Telefonopningstid er 9-11 og 13-15.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa/Nasjonalt senter for
fremmedspråk i opplæringen
Høgskulen i Østfold, NO-1757 Halden

Tel: 69 60 83 00

EPOST  

Høgskolen i Østfold

Andre nasjonale sentra

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 29.01.2015 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret