Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%

 

Marsbrevet

Vil du bli abonnent?

REVIDERT_SPRAKP__13-18_BM_250.jpg
Språkpermane i ny drakt og med ny funksjon!

Ansvaret for dei europeiske språkpermane vart i 2014 overført frå Utdanningsdirektoratet til Framandspråksenteret. No har permane vorte revidert og lagt til rette for digital utfylling – sjå resultatet og prøv ut den nye funksjonen.
LES MEIR

Workshop om Den europeiske språkpermen
Målet med arbeidsmøtet er å oppmode lærarar til å nytta Språkpermen i undervisninga. Deltakarane skal bli betre kjende med Språkpermen og Det europeiske rammeverket.
Tid: 15. – 17. juni 2015
Stad og språk: Tyskland/tysk
Søknadsfrist: 17. april
LES MEIR

deutsche_auslandsgesellschaft_1_250.jpg
Ledige kursplassar for tysklærarar

Det er framleis ledige plassar ved seminaret "Literatur, Medien, Jugendkultur" med spesialtema "Jugendsprache" i tida 23.-26. april i Lübeck. Fyll ut søknadsskjema og send det til info@deutausges.de seinast 10. april 2015.
LES MEIR

ECML_250.jpg
Vil du arbeide i prosjekt med andre lærarar, lærarutdannarar eller forskarar i Europa?
Grip sjansen gjennom det europeiske språksenteret (ECML). ECML har lansert programmet sitt for 2016-2019: Languages at the heart of learning. Tema er mellom anna inkluderande, fleirspråkleg og fleirkulturell undervisning i praksis.
LES MEIR

du_jente_100.jpgArabisk ungdomsbok har vorte omset til norsk
For fyrste gong har ei arabisk ungdomsbok vorte omsett til norsk. Boka kan nyttast av dei som lærer arabisk og elevar som har arabisk som morsmål. LES MEIR

NYHEITER
  • Nytt notat frå Framandspråksenteret
    "Engelsk og fremmedspråk i videregående opplæring 2014-15: stabil situasjon for språkfagene."
  • Er du medlem i Utdanningsforbundet?
    No kan du søke om støtte frå Utdanningsforbundet sitt fond for vidareutdanning. Framandspråk er eitt av områda som er prioritert i 2015.
    LES MEIR
  • Fleire elevar vel framandspråk
    Senteret har ved årsskiftet avslutta arbeidet med Tiltaksplan for programfag innan framandspråk (2009-2014). I prosjektperioden har vi sett ei merkbar auke i talet elevar som vel framandspråk som programfag i vidaregåande opplæring. Mange elevar har ògfått høve til å velje fleire, nye framandspråk. Meir om arbeidet med tiltaksplanen kan du lese i sluttrapporten.
    LES MEIR
  • FST-Norge (Fransklærerforeningen, Spansklærerforeningen og Tyskforum) hadde språklærardag 21. mars
    Tema for dagen var musikk og film i undervisninga.
    Presentasjonar frå dagen ligg no på nettsida deira.
    LES MEIR
  • Vinnarar av frankofoniprisen 2015
    Haugenstua og Nordseter skule utmerka seg med bidraga sine og vann konkurransen. 20. mars fekk dei vere med på mange aktivitetar ved ulike ambassadar. Dagen vart avslutta ved Institut francais med pannekaker og premieutdeling.
    LES MEIR
ARRANGEMENT
  • Invitasjon til kurs!
    Ønskjer du inspirasjon til å variere undervisninga? Har du behov for fleire konkrete undervisningstips og gode verktøy for å engasjere elevane? Her kan du anten velje kursprogram for 1.-4.trinn, 5.-7.trinn – eller du kan ta begge på same dag! På dette kurset får du fagleg påfyll, differensieringsmetodar og ulike læringsstrategiar.
    1.-4.trinn
    5.-7.trinn
  • Nordic Symposium on Testing and Assessing Writing vert arrangert i Trondheim, 28.–29. september, 2015
    Registreringa er open no! Meld deg på før 30. mars for rabattert pris.
    Frist for å sende inn abstrakt: 10 mai.
RESSURSAR TIL UNDERVISNINGA
  • Bloggen FluentU om tysk språk og kultur gir konkrete tips om filmar, musikk og bøker til opplæringa
    LES MEIR
Viktige datoer:
28.05 - Møte på KD
04.06 - INNLAC
06.06 - Møte i Ungarn
Møt oss:

Kontaktinfo:


Telefonopningstid er 9-11 og 13-15.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa/Nasjonalt senter for
fremmedspråk i opplæringen
Høgskulen i Østfold, NO-1757 Halden

Tel: 69 60 83 00

EPOST  

Høgskolen i Østfold

Andre nasjonale sentra

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 26.03.2015 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret