Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%

 

Novemberberbrevet

Vil du bli abonnent?

TA_GREP_-_forside_100.jpgTA GREP! FYR-HEFTE for engelsk og programfag
I samband med ‪‎FYR‬-prosjektet har Framandspråksenteret utarbeidd eit hefte for engelsklærarar og programfaglærarar i vidaregåande opplæring.


UTLYSNINGA FOR ‪‎ERASMUS‬+ 2016 ER NO PUBLISERT

På nettsidene til Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) kan du lese om prioriteringar og søknadsfristar, og finne ut korleis norske institusjonar kan arbeide internasjonalt.

Skrivelyst i skulen
Kunne du tenke deg ny inspirasjon til korleis du kan arbeide med skriving i lag med elevane dine? "Skrivelyst i skolen" tilbyr ulike typar kurs innanfor skriving for både barn, unge og vaksne. Her kan alle språklærarar finne motiverande metodar å bruke i klasserommet. Bli med på kurs!

ECML_250.jpg
“Languages at the heart of learning”
Nytt program frå European Centre for Modern Languages (ECML)

Nordic_online_fair_250.jpg
Vurderer du å dra på utveksling?
16.-27.11 organiserer Institut français d'Oslo og Campus France Paris en virtuell utdanningsmesse for studenter i Norden.
Lær mer om utvekslingsprogrammer i ‪‎Frankrike‬ og benytt muligheten til å chatte direkte med universitetene og skolene om studieretninger og muligheter.

KOKKEUTDANNELSE I FRANKRIKE - NOKO FOR DEG ELLER NOKON DU KJENNER?
Utan å kunne ‪‎fransk‬ reiste Sam Hill frå Arendal til ‪‎Frankrike‬ for å ta kokkeutdannelse. Les intervju med Sam som går siste året på kokkelinja i Metz!

det_flerspraklige_bibliotek_250.jpg
Ta for deg i litteratur på mange ulike språk
Det fleirspråklege bibliotek tilbyr litteratur på 64 forskjellige språk. Du har tilgang til dette biblioteket via det lokale biblioteket ditt.
NYHEITER
  • Vil skulen din ta imot ein lærar frå Austerrike?
    Undervisningsministeriet i Wien søkjer for skuleåret 2016/17 to partnarskular i Noreg for to austerrikske lærarar. Dei vil i to veker bidra med spanande opplegg innan tysk språk og austerriksk kultur.
    Tilbodet gjeld både ungdomsskular og vidaregåande skular. Det er ynskjeleg at skulane hjelp til med å finne eit godt og rimeleg hotellrom, og det er ikkje krav om at lærarane skal bu heime hos dei norske kollegane sine. Alle utgifter til utvekslingslærarane dekkjast gjennom ERASMUS+. Det er eit krav at skulane har eller skapar ein såkalla Participation Identification Code (PIC) frå ERAMUS+-programmet
    Søknadsfrist er 30.november 2015. MERK! Kort søknadsfrist
  • Vil du lære meir om ‪‎tysk‬ barne- og ungdomslitteratur?
    Våren 2016 kan du ta kurset "Tyskspråklig barne- og ungdomslitteratur" hjå Høgskulen i Østfold (20 studiepoeng)
    Du må søkje på eiget søknadsskjema
  • MyEducation.no søker vertsfamilier
    Kan du tenke deg å være vertsfamilie for ein elev frå Tyskland?
ARRANGEMENT
RESSURSAR TIL UNDERVISNINGA
  • Preposisjonar på engelsk?
    Her finn du ei fin oversikt over preposisjonar og språklege uttrykk som kan skape meir variasjon og flyt når ein skal skrive tekstar på engelsk.
  • Materiell for tyskopplæring av barn i alderen åtte til tolv
    Goethe-Instituttet i Ungarn har sett saman ein fantastisk flott pakke med materiell for tyskopplæring av barn i alderen åtte til tolv. Nokre modular i pakka tek utgangspunkt i tekstar som ikkje er frigjevne, medan andre av tekstane finst til fri nedlasting frå nettstaden deira.
  • Hjå NDLA finn du ressuser for tysk I og II
    NDLA er godt i gang med opparbeiding av undervisningsopplegg for tysk og inneheld nå ressurser for både nivå I (Guten Tag! Wie geht’s?) og nivå II (serien Unsere Mütter und unsere Väter/Krigens unge hjerter med undervisningsmateriell)
  • Uttrykk og ordtak på fransk
    Sjå liste over kjente (og mindre kjente) uttrykk og ordtak på ‪‎fransk‬. Kvart uttrykk blir grundig forklart med opphav, kommentarar m.m.
  • Das Deutschlandslabor - serie filmar frå Deutsche Welle
    Den tyske kringkastaren Deutsche Welle publiserer kvar veke ein video til eit tysk tema. Videoserien heiter «Das Deutschlandlabor» og inneheld no 5 episodar over desse emna: Schule, Mode, Fuβball, Literatur, Wandern
  • Et pour vous?
    Eit ‪undervisningsopplegg‬ utarbeidd av TV5MONDE med ‪‎lyttetekst‬ og oppgåver om å bestille mat på restaurant.
  • Nettverk kor du kan lære deg framandspråk
    Fluent Land er eit sosialt nettverk kor ein kan lære seg framandspråk. Her kan ein løyse ulike oppgåver, stille spørsmål, finne samarbeidspartnarar, få nye internasjonale vener, og diskutere og dele kunnskap på språkforumet.
  • Vil du lære kinesisk?
    Har du lyst på eit bra, grundig og gratis introduksjonskurs i kinesisk? Sjekk ut Lenguin sine videoar på youtube!

Tidlegare nyheitsbrev

Viktige datoer:
Møt oss:

Kontaktinfo:


Telefonopningstid er 9-11 og 13-15.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa/Nasjonalt senter for
fremmedspråk i opplæringen
Høgskulen i Østfold, NO-1757 Halden

Tel: 69 60 83 00

EPOST  

Høgskolen i Østfold

Andre nasjonale sentra

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 19.11.2015 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret