Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%

 

Nyheitsbrev for juli/august

Vil du bli abonnent?

EDL_Logo_250.jpg

Bli med på språkdagfest!
26. september vert Den europeiske språkdagen markert. Ta del i feiringa på eiga skule eller på eitt av arrangementa våre! Som vanleg kan du bestille materiell hos oss - info@fremmedspraksenteret.no.

Språkdagkonferanse mandag 26. september
Konferanse for språklærarar, studentar og lærarutdannarar

Språkdagseminar for barnehagetilsette
Ein workshop med språkleg inspirasjon, påfyll og kreativ verkstad

Språkdagkonkurranse
Grip sjansen til å vinne 10.000,-!
Tema dette året er inkludering.

Tysklandskonferanse
16. november ønskjer vi å vise fram spanande sider ved Tyskland og det tyske språket. Er du tysklærar? Arbeider du med tysk? Er du rådgjevar? Da er denne konferansen noko for deg!
Påmeldingsfrist: 15. oktober

Framandspråkambassadør
Framandspråksenter utnemner årleg ein framandspråkambassadør. Utnemninga går til ein person, ei gruppe personar eller ein organisasjon som på ein mønsterverdig måte og på nasjonalt nivå a. utmerker seg når det gjeld eigen bruk av framandspråk og/eller
b. framhever nytta av å meistre framandspråk og viser at det å kunne fleire språk er ein ressurs. Vi ber institusjonar, organisasjonar og publikum om å sende inn begrunna forslag til kandidatar.
Send forslag til steinar.nybole@fremmedspraksenteret.no
Frist for innsending: 10. september

ECML_250.jpg

ECML - workshop i Graz 15. og 16. november
Vi søkjer ein deltakar til ein workshop om kvalitetssikring av bruken av Det felles europeiske rammeverket for språk. Er dette noko for deg eller nokon du kjenner? Grip sjansen og søk!

Fulbright_Logo_250.jpg

Roving Scholars
Vil du ha besøk av ein amerikansk lærar på din skule?
Ein Roving Scholar kan berike både elevar og lærarar!

European_Language_Label_250.jpg

European Language Label
Den europeiske språkprisen European Language Label vert kvart år delt ut til nyskapande prosjekt som har bidratt til å fremja læring av språk.
I 2016 er desse områda prioritert:
- Fleirspråklege skuler og klasserom – Fleirspråklegheit, ein ressurs i klasserommet
- «Det språkvennlige samfunnet» – uformell språklæring
Frist: 15. september

NYHEITER

ARRANGEMENT

  • Fransklærardagar i Uppsala
    Dérives, des rives - språklærardagar med tema som demokrati og miljø.
  • Språk - ett verktyg för livet
    Uppsala Universitet arrangerer seminar om CEFR og Språkpermen.
  • Kulturuke Brasil - Norge
    Den brasilianske ambassaden i Oslo inviterer alle til å delta i arrangementet «Kulturuke Brasil-Norge». Arrangementet vil finne stad på Den brasilianske ambassaden i Oslo 05.-09. september.
RESSURSAR TIL UNDERVISNINGA

Tidlegare nyheitsbrev

Viktige datoer:
Møt oss:

Kontaktinfo:


Telefonopningstid er 9-11 og 13-15.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa/Nasjonalt senter for
fremmedspråk i opplæringen
Høgskulen i Østfold, NO-1757 Halden

Tel: 69 60 83 00

EPOST  

Høgskolen i Østfold

Andre nasjonale sentra

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 24.08.2016 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret