Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%

 

Nyheitsbrev for oktober
Vil du bli abonnent?

utdanningsdirektoratet_250.jpg

Ope internett til eksamen i nokre fag - frå våren 2018
Det vert opna for ope internett til sentralt gitt skriftleg eksamen i sju fag våren 2018. Dette råker mellom anna internasjonal engelsk og samfunnsfagleg engelsk (Vg2/Vg3)

Det store og vesle faget Framandspråk
Vil du vite meir om arbeidet med kjerneelementa i faget framandspråk? Følg Utdanningsdirektoratet sin blogg!

Sjå òg Utdanningsdirektoratet si nettside for fagfornying
Gruppa som jobbar med å utvikle kjerneelement for framandspråk har publisert eit nytt blogginnlegg. Innlegget oppsummerer innspela som kom frå sektoren til det 1. utkastet deira til kjerneelement.

Andre utkast til kjerneelementer i fag er nå ute på «minihøring»!
Gi dine synspunkt på skissene for engelsk og framandspråk

ECML_logo_250.jpg

Er det interessantfor deg og din institusjon å samle språklærarar og lærerutdannarar til kompetanseutvikling?
European Centre for Modern Languages (ECML) tilbyr kompetanseutvikling innanfor en rekke tema som er relevante for språklærarar og lærerutdannarar. Kompetanseutviklinga foregår ofte som workshops kor representantar frå ECML held kursa. Er det aktuelt for deg og din institusjon å være lokal organisator for eit slikt arrangement?
Frist for innsending av ferdig utfylt søknadsskjema er 29.oktober. Søknad kan du sende til: info@fremmedspraksenteret.no

BMB_Logo_RGB_250.jpg

Etterutdanningskurs for tysklærarar i Austerrike
Det austerrikske utdanningsdepartementet inviterer norske tysklærarar til eit etterutdanningskurs i november 2018. Den fyrste veka blir kurset halde i Wien. Den andre veka praktiserer lærarane ved ein skule ein stad i Austerrike. Kurset er gratis. Skulen til søkjaren må søke SIU (Erasmus+ programmet) om midlar til reise og opphald.

Første søknadsfrist er 8. desember 2017 .
Ein kan retta eventuelle spørsmål til steinar.nybole@framandspraksenteret.no

Vil din skule ha besøk av ein lærar frå Austerrike?
Vi søkjer skular som kan ta imot lærarar frå Austerrike. Tilbodet gjeld både ungdomsskular og vidaregåande skular. Det er ynskjeleg at skulane hjelp til med å finne eit godt og rimeleg hotellrom, og det er ikkje krav om at lærarane skal bu heime hos dei norske kollegane sine. Alle utgifter til utvekslingslærarane dekkjast gjennom ERASMUS+. Det er eit krav at skulane har eller skapar ein såkalla Participation Identification Code (PIC) frå ERAMUS+-programmet

NYHEITER

ARRANGEMENT

RESSURSAR TIL UNDERVISNINGA

Tidlegare nyheitsbrev

Viktige datoer:
Møt oss:

Kontaktinfo:


Telefonopningstid er 9-11 og 13-15.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa/Nasjonalt senter for
fremmedspråk i opplæringen
Høgskulen i Østfold, NO-1757 Halden

Tel: 69 60 83 00

EPOST  

Høgskolen i Østfold

Andre nasjonale sentra

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 27.10.2017 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret