Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%

 

Nyheitsbrev for februar
Vil du bli abonnent?

Deutsch_gemeinsam_200.jpg

Deutsch gemeinsam - Der Traum in Uns
Elevar i vidaregåande skole vert oppmoda til å ta del i konkurransen "DEUTSCH GEMEINSAM - TYSK I FELLESSKAP"


Undervisningsministeriet_logo_250.jpg

Demokrati under utvikling
Sjå den danske kampanjen «Demokrati under utvikling» for tips til undervisninga når det gjeld det tverrfaglige temaet i fagfornyinga: «Demokrati og medborgerskap»

Hesteinteresserte elevar?
I det tyske forlaget Klett sitt siste nyheitsbrev vert idear til undervisninga og tilhøyrande arbeidsark om «Die Spanische Hofreitschule» i Wien stilt til rådigheit.
Unterrichtsideen

Arbeitsblatt

 

FRAMANDSPRÅKSENTERET SØKER REDAKTØRAR TIL REVIDERING AV SPRÅKVALHEFTA «SPANSK I VERDEN» OG "FRANSK I VERDEN"
Oppgåva til redaktøren vil vere å oppdatere heftet i nær kontakt med Framandspråksenteret og med forfattaren av nåverande hefte. Hensikten med heftet er å motivere fleire elevar og studentar til å velje spansk eller fransk i opplæringa. Søkaren må difor vere kjent med målgruppene for SPRÅKVALSERIEN og vere i stand til å tilpasse språk og innhald til desse. Søkarane må óg kjenne godt til språkområdet. Arbeidet vert honorert med NOK 20.000, og revideringa skal vere ferdig før sommaren.

Søknad som viser relevant kompetanse, sender du senteret seinast 12.3.19
Eventuelle spørsmål sender du til senterleiar Steinar Nybøle (STEINAR.NYBOLE@FREMMEDSPRAKSENTERET.NO)

DIKU_logo_250.jpg

3-årig vidaregåande i Frankrike
Har du lyst til å ta heile vidaregåande skole i Frankrike? Da kan du søke Diku om skoleplass i Bayeux, Lyon eller Rouen. Du vil bli tatt opp som ordinær elev ved den franske skolen, men vil begynne saman med ei lita gruppe av andre norske elevar.

Ny søknadsfrist i 2019: 1.mars

To av våre tilsette går av med pensjon
Vi takkar av to dyktige kolleger: seniorrådgjevar for engelsk Karin Dahlberg Pettersen og økonomimedarbeidar Erna Vatvedt som går av med pensjon. Vi ønskjer dei alt godt som pensjonistar, og dei vil bli savna av heile kollegiet.

 

 

NYHEITER

ARRANGEMENT

RESSURSAR TIL UNDERVISNINGA

Tidlegare nyheitsbrev

Viktige datoer:
Møt oss:

Kontaktinfo:


Telefonopningstid er 9-11 og 13-15.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa/Nasjonalt senter for
fremmedspråk i opplæringen
Høgskulen i Østfold, NO-1757 Halden

Tel: 69 60 83 00

EPOST  

Høgskolen i Østfold

Andre nasjonale sentra

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 27.02.2019 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret