Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%

 

Nyheitsbrev for mars
Vil du bli abonnent?

DIKU_logo_250.jpg

Stipend for å delta på sommarkurs i Tyskland
Forbundsrepublikken Tyskland tilbyr kvart år fleire stipend til norske elevar som er interesserte i tysk språk og kultur.

Kan du portugisisk? No kan du ta tESTEN CELPE-BRAS I NOReg!
Elo Cultural i Oslo er blitt godkjent som einaste autoriserte leverandør i Noreg av testen i brasiliansk portugisisk på høgare nivå; Celpe-Bras. Celpe-Bras er ei forkorting for Certificado de Proficiência em Língua Portuguesa para Estrangeiros, altså eit ferdigheitsbevis i portugisisk for utlendingar. Alle som ikkje har portugisisk som førstespråk og som ønsker å få ein attest på portugisiskkunnskapane sine kan ta testen. Celpe-Bras er det einaste offisielle bevis brasilianske myndigheter godtek som bekreftelse på portugisiskkunnskapar. 

SKAL vi oppmode ELEVAR MED LESE- OG SKRIVEVANSKAR TIL Å TA EiT framandspråk?
Judit Kormos har skrive ein artikkel om korleis lærevanskar påverkar fleirspråkleg språkutvikling. I artikkelen hennar undersøker Kormos korleis kognitive utfordringar påverkar L2 literacy utvikling og L2 læring. Ho avsluttar artikkelen sin med at det er ingen grunn til å ekskludere eller fraråde elevane med lærevanskar å lære eit framandspråk. Såframt opplæringa vert tilpassa, viser forsking at alle kan lære fleire språk.

Vil skulen eller kommunen din ha hjelp med tilpassing for elevar med lese- og skrivevanskar i engelsk og framandspråk?
Framandspråksenteret tilbyr kurs! Ta gjerne kontakt.

EDL_Logo_250.jpg

Språkdagkonferanse 26. september 2019 - sett av datoen!
Framandspråksenteret inviterer til Språkdagkonferanse ved Høgskolen i Østfold i Halden. Temaet for konferansen vil vere Fagfornyinga. Meir informasjon kjem seinare.

FS_logo.horis_250.jpg

Er du vår nye kollega? 
Ved Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa er det ledig stilling ved engelskseksjonen. Har du mastergrad i engelsk og undervisningserfaring frå norsk skule, kan du søke. 
NB! Forlenga søknadsfrist til 10. april 2019

utdanningsdirektoratet_ny_copy_250.jpg

Høyring – forslag til nye læreplanar
Høyringa om forslag til nye læreplanar for grunnskulen, dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring samt nokre programfag er no open. Dette er siste høve til å komme med innspel før læreplanane blir fastsette av Kunnskapsdepartementet hausten 2019. Frist for å svare på høyringa er 18. juni 2019.

7 ledige plassar for norske elevar til utveksling i Tyskland
No har norske elevar høve til å reise 3, 6 eller 12 mnd til Tyskland som utvekslingsstudent.
Ta gjerne kontakt med h.bernt(at)aubiko.de i fall du har spørsmål.

ARRANGEMENT

  • Fagleg spanskdag ved ILOS (26.april)
    I samarbeid med Universitetet i Santiago de Compostela og Spanias ambassade i Oslo inviterer spansk ved ILOS til en unik ettermiddag om spansk språk og kultur.
  • The Swan Princess Russian Art 1880–1910
    Russisk kunstutstilling ved Munch museum som er verdt å få med seg
  • Tysklandskonferansen 2019
    7. mai arrangerer UiA i samarbeid med Willy Brandt-stiftelsen Tysklandskonferansen 2019.
  • Stipend for spansklærarar
    Det europeiske universitetet Miguel de Cervantes tilbyr eit firevekersstipend for å delta i eit sommarkurs i Castilla y León for spansklærarar.
    1.-5. juli: Spansk historie og geografi gjennom spel. Ei didaktisk metodologi.
    8.-12. juli: Uttale og munnleg produksjon i spanskundervisninga
    29. juli - 2. august: Læring
    5. juli - 9. august: Film som undervisningsverktøy
RESSURSAR TIL UNDERVISNINGA

Tidlegare nyheitsbrev

Viktige datoer:
28.05 - Møte på KD
04.06 - INNLAC
06.06 - Møte i Ungarn
Møt oss:

Kontaktinfo:


Telefonopningstid er 9-11 og 13-15.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa/Nasjonalt senter for
fremmedspråk i opplæringen
Høgskulen i Østfold, NO-1757 Halden

Tel: 69 60 83 00

EPOST  

Høgskolen i Østfold

Andre nasjonale sentra

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 29.03.2019 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret