Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%


 

Lytt etter ordet dittlytt_etter_ditt_ord_200.jpg
 Arbeidsform Plenum
 Tidsbruk 10-15 minutt
 Ferdigheit Munnleg
Du treng En tekst, lappar
Lytt etter ordet ditt
Elevane skal lytte etter bestemte ord i ein tekst som blir lesen opp. Aktiviteten eignar seg godt for å introdusere eit nytt tema som elevane skal jobbe med.
Skritt for skritt
  • Læraren vel ein tekst på målspråket og vel ut halvparten så mange ord frå teksten som det er elevar i klassen. Kvart ord skal skrivast på ein lapp. Kopier opp lappane, du treng kvart ord to gonger.
  • Del ut lappane i klassen. Elevane får litt tid til å lære sine ord utanåt. Dersom dei ikkje veit kva ordet betyr, kan dei slå det opp i ei (online-)ordbok eller spørje læraren.
  • Læraren fortel at ho/han skal lese ein tekst, og forklarer at alle må høyre godt etter og reise seg når dei høyrer sitt ord. (Sidan det er to lappar for kvart ord, vil det heile tida vere to elevar som reiser seg.) Det same ordet kan dukke opp fleire gonger, og elevane må derfor vere parat heilt til teksten er ferdig.
  • Læraren les så éi og éi setning. Etter kvar setning spør læraren elevane som står, kva for eit ord dei har kjent att, og kva dette ordet betyr. Elevane set seg igjen, og læraren held fram med neste setning, osb.
  • Til slutt deler læraren ut ein kopi av teksten til elevane.
Høyere nivå
Ein måte å variere denne aktiviteten på er å bruke oppslagsforma av orda på lappane som skal delast ut, sjølv om orda dukkar opp i bøygd form i teksten.

Læraren kan sørgje for at fagleg sterke elevar får utdelt lappar med meir utfordrande ord. Sterke elevar kan òg få fleire lappar.

 

Tilbake til Ordinnlæring og innlæring av grammatikk

Les mer

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 22.08.2017 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret