Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%


 

Ord- og biletmemory ord_og_bildememory_200.jpg
 Arbeidsform Grupper
 Tidsbruk 10-15 minutt
 Ferdigheit Munnleg
Du treng Memorykort (mal)
Ord- og biletmemory
I dette memoryspillet matcher elevene bildekort med passende ord (eller uttrykk).
Skritt for skritt
  • Læraren førebur memorykort. Kvart kortpar består av eit bilete og eit ord (eller uttrykk). Bruk gjerne malen. Elevane skal jobbe i grupper, og du treng like mange sett memorykort som det er grupper.
  • Læraren lagar ein fasit som viser kva bilete og ord som høyrer saman. Fasiten skal hengjast opp på tavla, eventuelt fleire stader i klasserommet. Elevane går fram til tavla og får to minutt til å memorere så mange kortpar som dei klarer.
  • Elevane arbeider i grupper på tre eller fire. Kvar gruppe får utdelt eit komplett sett kort. Dei legg korta på bordet med den blanke sida opp, bilet- og ordkorta kvar for seg.
  • Elevane speler etter tur, dei snur heile tida eitt biletkort og eitt ordkort. Eleven seier kva som står på biletkortet. Dersom eleven ikkje hugsar ordet, kan ho/han få hjelp av dei andre eller sjekke fasiten på tavla.
  • Når ein spelar får to matchande memorykort, legg ho/han desse til side og snur to nye kort. Dersom korta ikkje matchar, må dei leggjast tilbake på nøyaktig same plass. Turen går så vidare til neste spelar.
  • Spelet er over når det ikkje er kort igjen på bordet. Eleven som har samla flest kortpar, kan kårast til klassens memorymeister.

 

Tilbake til Ordinnlæring og innlæring av grammatikk

Les mer

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 22.08.2017 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret