Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%


 

Loop loop_200.jpg
Arbeidsform Plenum
Tidsbruk 5 til 10 minutt
Ferdigheit Munnleg
Du treng mal
Loop
Elevane får utdelt lappar med eit spørsmål og eit svar. Men spørsmåla og svara høyrer ikkje saman. Kven har rett svar til rett spørsmål? Finn ut av det i loopen!
Skritt for skritt
  • Læraren førebur lappar og deler dei ut i klassen (sjå mal). Det skal vere eitt spørsmål og eitt svar på kvar lapp. Éin av lappane fungerer som startkort.
  • Eleven som har startkortet, begynner. Ho/han stiller spørsmålet sitt ut i klasserommet. Dei andre elevane må følgje godt med. Den av elevane som har det rette svaret på lappen, seier frå, les svaret høgt og stiller spørsmålet sitt til klassen.
  • Slik held spørsmål/svar-aktiviteten fram som ei sløyfe gjennom rommet. Heilt til slutt kjem loopen tilbake til eleven som begynte. Då er ringen slutta.
Høgare nivå
Spørsmåla kan varierast i vanskegrad. Dersom det er for få eller for mange lappar, kan elevane dele på ein lapp eller få utdelt fleire lappar.
Les mer

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 03.03.2016 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret