Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%


 

Magisk kvadrat magisk_kvadrat_200.jpg
Arbeidsform Individuelt, par
Tidsbruk 10 minutt
Ferdigheit Lesing, rekning
Du treng Bilete, mal
Magisk kvadrat
Fyll ut det magiske ordkvadratet! Summen blir alltid 34, same kva rad, spalte eller diagonal du vel. Berre prøv!
Skritt for skritt
  • Læraren vel 16 gloser og finn passande bilete. Bileta blir kopierte over til rutene nedst i malen, og kvart bilete får eit tal mellom 1 og 16. I tabellen øvst skriv ein orda på målspråket. Hugs å skrive rett ord i rett rute! Sjå døme.
  • Elevane jobbar individuelt eller i par. Oppgåva går ut på å kople kvart bilete til rett ord på målspråket. Elevane skriv bilettalet i ruta med det passande ordet.
  • Når tabellen er ferdig utfylt, kan elevane sjølve sjekke om dei har svart rett: Summen for kvar rad, spalte og diagonal skal vere 34.
Ein variant av talkvadratet er biletkvadratet. Finn eit (firkanta) bilete, klipp det opp i 16 lappar og skriv ord (på norsk) på baksida. Elevane får lappane med baksida opp og må plassere dei på rett ord (på målspråket) i tabellen. Når dei er ferdige, snur dei lappane. Er biletet perfekt, var alt rett.
Høyere nivå
Fagleg sterke elevar kan få ei ekstra utfordring ved at læraren ikkje skriv ord på målspråket, men setningar med hòl i rutene. Elevane må kople bileta med hòla.
Les mer

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 03.03.2016 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret