Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%


 

Terningen har talt terningen_har_talt_200.jpg
Arbeidsform Par
Tidsbruk 10 minutt
Ferdigheit Munnleg
Du treng Bilete, terningar
Terningspill
Elevane kastar terningar. Terningane bestemmer kva ord dei må gjette eller omsetje. Aktiviteten eignar seg både til repetisjon av kjende ord og introduksjon av nytt vokabular.
Skritt for skritt
  • Læraren fyller malen med bilete (eller ord på norsk). Det er i alt 36 ruter, men det er ikkje noko problem om det same biletet (eller ordet) blir brukt to gonger.
  • Kvart elevpar får utdelt ein kopi av arket og eit par terningar. Elev A begynner med å kaste terningane. Kvart terningkast gir to ruter. Ho/han vel eitt av bileta som terningane har bestemt, og seier ordet på målspråket. Rett svar gir eitt poeng. Elevane kryssar av ruta med forbokstaven sin.
  • Når elev A er ferdig, held elev B fram.
  • Eleven som har flest rette ord, vinn.
Høgare nivå
Terningspelet kan òg brukast til å introdusere nye ord. I denne versjonen handlar det ikkje om å vinne, men om å vere saman om å finne ut kva orda betyr. Læraren fyller tabellen med korte setningar (på målspråket) der dei nye orda er utheva. Ho/han sørgjer for å plassere fagleg sterke elevar saman med svakare elevar. Elevane kastar terningar etter tur og bruker gjettestrategiar og/eller ordboka til å finne ut kva orda betyr. Dei skriv ev. orda i tabellen saman med setningane på målspråket.
Les mer

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 03.03.2016 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret