Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%


 

Vokabularkast vokabularkast_200.jpg
Arbeidsform Grupper
Tidsbruk 10 minutt
Ferdigheit Munnleg, skriving
Du treng Terningar, penn og papir
Vokabularkast
Ein terningkastaktivitet for å repetere tematiske ord og setje dei i kontekst.
Skritt for skritt
  • Læraren vel eit tema og skriv ei liste over tematiske ord på tavla.
  • Elevane er i grupper. Det er éin terning per gruppe, og elevane har penn og papir.
  • Éin elev i gruppa bestemmer seg for eit ord på tavla og kastar ein terning. Oppgåva ho/han skal løyse med det valde ordet, er avhengig av kva tal terningen viser:

    Terningkast 1: Beskriv ordet.
    Terningkast 2: Teikn ordet for å få dei andre til å gjette det.
    Terningkast 3: Finn synonym / Sei kva du kan gjere med gjenstanden.
    Terningkast 4: Nemn det du assosierer med ordet.
    Terningkast 5: Lag ei setning der du bruker ordet.
    Terningkast 6: Finn antonym / Sei kva du ikkje kan gjere med gjenstanden.
  • Dersom elevane er konkurranseinnstilte, kan ein motivere dei med poengteljing (+ 1 per rett svar).
  • Elevane jobbar etter tur. Dei andre i gruppa godkjenner svara og tildeler poeng.
  • Til slutt summerer læraren opp ved å spørje i plenum korleis elevane svarte på dei ulike oppgåvene for eitt eller fleire av dei tematiske orda.
  • Elevane skriv ned i skriveboka si dei glosene dei ikkje kom på sjølve.
Høgare nivå
Læraren kan òg lage to lister med tematiske ord. Dersom ein vel blant dei meir utfordrande glosene, får ein to poeng per rett svar.
Les mer

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 03.03.2016 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret