Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%


 

Vokabularquiz vokabularquiz_200.jpg
Arbeidsform Plenum
Tidsbruk 15 minutt
Ferdigheit Munnleg
Du trenger MAL
Vokabularquiz
I denne aktiviteten repeterer elevane vokabular gjennom ein omvend vokabularquiz: Elevane får eit svar og må stille eit (passande) spørsmål. Quizen omfattar svar med ulik vanskegrad og poengsum, så her ligg det til rette for å satse!
Skritt for skritt
Læraren lagar ein quizmal (sjå vedlegg) med seksten ord i fire ulike kategoriar. I kvar kategori skal det vere fire ord. Dei enklaste orda får ti poeng, dei vanskelegaste førti.
Læraren beheld den utfylte quizmalen sjølv.
Elevane deler seg i grupper. Læraren sørgjer for at dei fagleg sterke elevane ikkje er i same gruppe. Kvar gruppe får utdelt ein kopi av side 2 av malen, slik at dei kan føre poeng undervegs.
Ei gruppe begynner med å velje ein kategori og ein poengsum. Læraren les opp ordet i den aktuelle ruta på norsk. Gruppa må så omsetje ordet til målspråket. Be gjerne elevane om å bruke ei standardsetning, til dømes «Kva heiter […] på målspråket?» – «[…] heiter […]».
Dersom svaret er rett, skriv gruppa poengverdien i ruta. Dei andre gruppene må setje eit kryss. Dersom svaret er feil, gir læraren fasiten, og turen går vidare til ei av de andre gruppene (som dermed kan oppnå poeng utanom tur).
Når det er svart på eit spørsmål, tek læraren opp att rett svar. Turen går no vidare til neste gruppe.
Når det er svart på alle spørsmåla, tel gruppene opp poenga, og vinnaren kan kårast.
Høyere nivå
Elevane blir delte inn i grupper etter nivå. Elevane lagar kvar sin quiz og testar kvarandre.
Les mer

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 03.03.2016 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret