Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%


 

Hangman hangman_200.jpg
 Arbeidsform Plenum
 Tidsbruk 5 - 10 minutt
 Ferdigheit Munnleg
Du treng Penn og papir
Hangman
Hangman er eit kjent hjernetrimspel som fungerer både i par og i større grupper. Éin elev tenkjer på eit bestemt ord, dei andre elevane foreslår bokstavar.
Skritt for skritt
  • Læraren vel ein elev. Eleven bestemmer seg for eit ord, kjem fram og teiknar like mange ruter på tavla som det er bokstavar i ordet.
  • Dei andre elevane foreslår bokstavar: Dersom bokstaven er med i ordet, blir bokstaven fylt ut i den rette ruta / dei rette rutene. Dersom bokstaven ikkje er med, kan første del av «galgen» teiknast på tavla. Klassen har ti sjansar sidan galgen og mannen til saman består av ti strekar.
  • Spelet er over når klassen har gjetta ordet, eller når mannen heng i galgen.
Tips: Du finn ulike digitale hangmanvariantar på nettet, sjå til dømes HER. Dersom ein heller vil ha ein litt mindre makaber variant av hangman, kan ein erstatte galgen med ein katt som har ti liv, ein blomster med ti kronblad eller anna.
Høgare nivå
Hangman kan òg spelast i par. Dersom ein plasserer dei fagleg sterke elevane saman i ei gruppe, kan dei teste ordkunnskapane til kvarandre på eit høgare nivå.

 

Tilbake til Ordinnlæring og innlæring av grammatikk

Les mer

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 22.08.2017 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret