Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%


 

Hopp i havet! hopp_i_havet_200.jpg
 Arbeidsform Grupper
 Tidsbruk 15 - 20 minutt
 Ferdigheit Rekning
Du treng Kortstokk
Hopp i havet!
«Hopp i havet!» er eit kortspel som eignar seg godt til å lære tal på målspråket. Varianten vi har beskrive her, kan spelast med ein vanleg kortstokk, men du kan òg lage dine eigne kort.
Skritt for skritt
  • Læraren deler klassen inn i grupper på to til fem elevar. Kvar elevgruppe får ein standard kortstokk.
  • Kvar elev får tildelt sju kort. Dei resterande korta legg ein opp ned i ein bunke midt på bordet. Dette er trekkbunken.
  • Ein elev startar. Ho/han spør ein av dei andre om eit kort (på målspråket). Det er berre lov å spørje om kort med same verdi som eit som ein allereie har på handa.
  • Dersom eleven som blir spurd, har eit kort med den etterspurde verdien, må han/ho gi det frå seg. Eleven som spurde, kan halde fram med å spørje.
  • Dersom eleven som blir spurd, derimot ikkje har det etterspurde kortet, seier han/ho HOPP I HAVET! til den spørjande eleven (VA À LA PÊCHE! / PESCA! / GEH FISCHEN!). Han/ho må ta eit kort frå trekkbunken, og turen går vidare til nestemann.
  • Når ein av spelarane har klart å samle fire kort med lik verdi, har han/ho eit stikk. Spelaren legg stikket på bordet framfor seg.
  • Spelet er slutt når trekkbunken er tom eller ein av elevane har gått tom for kort. Eleven med flest stikk vinn spelet.

 

Tilbake til Ordinnlæring og innlæring av grammatikk

Les mer

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 22.08.2017 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret