Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%


 

Eg pakkar kofferten min … jeg_pakker_min_koffert_200.jpg
 Arbeidsform Grupper
 Tidsbruk 10 - 15 minutt
 Ferdigheit Munnleg, skriving
Du treng Penn og papir
Eg pakkar kofferten min …
Mange kjenner «Jeg pakker min koffert…». Aktivteten egner seg utmerket for å befeste ord knyttet til et tema elevene har jobbet med. Leken kan lett varieres.
Skritt for skritt
  • Elevane dannar lag på fire eller fem personar. Kvar gruppe dannar ein ring.
  • Ein elev begynner med å seie standardsetninga «Eg pakkar kofferten min, og eg tek med meg …» på målspråket. Eleven legg til ein ting som ho/han har lyst å ta med på reise.
  • Neste elev tek opp att setninga og legg til eit nytt ord.
  • Slik held aktiviteten fram til ein av elevane gløymer ein av tinga som skal vere med i kofferten, eller ikkje kjem på fleire ting. Eleven skriv ned heile setninga på eit ark og les setninga høgt. Turen går vidare til nestemann, og leiken tek til på nytt.
  • Læraren avsluttar aktiviteten i plenum. Kvar gruppe les opp si lengste setning. Gruppa med flest ting i kofferten vinn. Det er ikkje avgjerande om orda er skrivne rett, men læraren kan eventuelt følgje opp med å forklare skrivemåten til nokre av orda.
For å variere ordforrådet som skal innarbeidast, kan reisekofferten enkelt bytast ut med til dømes ei handlekorg (Eg skal til butikken for å kjøpe …), eit hus (Huset mitt er fullt av …), sekken til julenissen (Eg er julenissen, og eg gir bort …), osb.

 

Tilbake til Ordinnlæring og innlæring av grammatikk

Les mer

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 22.08.2017 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret