Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer
Fag:
Spansk
Colombia
Undervisningsopplegg
Trinn:
Nivå II
Tema:
Geografi, fakta og beskrivingar
Tid:
To dobbelttimar


Vis alle
Kort beskriving
Dette opplegget tek utgangspunkt i ei lydfil som handlar om Colombia (sjå under «Ressursar»). Opplegget er delt inn etter aktivitetar før lytting, under lytting og etter lytting. Målet er at elevane skal forstå lytteteksten, slik at dei kan svare på spørsmål, skrive ferdig to påbegynte skjema om Colombia og Noreg og til slutt presentere innhaldet munnleg.

Dette tverrfaglege opplegget kan knytast til kompetansemål frå geografifaget.
Kompetansemål
Språklæring
  • Utnytte erfaringar med språklæring for å vidareutvikle fleirspråklegheita si
Kommunikasjon
  • Skrive samanhengande tekstar i ulike sjangrar
  • Presentere aktuelle og tverrfaglege emne munnleg
  • Velje og bruke lytte-, tale-, lese- og skrivestrategiar tilpassa formål, situasjon og sjanger
Språk, kultur og samfunn
  • Drøfte sider ved tradisjonar, skikkar og levemåtar i språkområdet og i Noreg
Læreplan i geografi
  • Geografiske kjelder og verktøy
  • Finne fram til og presentere geografisk informasjon ved å lese og vurdere tekst, bilete og statistiske framstillingar frå digitale og andre kjelder
  • Gi ei oversikt over geografiske hovudtrekk, som elvar, innsjøar, fjell, byar og land nasjonalt og globalt
Læringsmål
  • gjere ferdig eit skjema som beskriv Colombia, og eit skjema som beskriv Noreg
  • presentere tekstane munnleg (geografisk informasjon om Colombia og Noreg)
  • forstå innhaldet i lytteteksten for å klare å svare på spørsmål og for å jobbe vidare med temaet
  • samanlikne nokre geografiske aspekt ved Colombia og Noreg
  • jobbe med kart og kunne plassere ulike land, byar, fjell o.a. på dei. Deretter skal dei kunne vidareformidle denne informasjonen munnleg
Ressursar
Lenkjer
Vedlegg
Kommentar
Vi har laga ein lydfiltranskripsjon for høyrselshemma elevar.
Lærarar som ønskjer å få ein kopi av han, kan ta kontakt med info@fremmedspraksenteret.no.
Førebuingar
Elevar
Opplegget er tenkt som eit supplement til kapitla om byar og stader i læreverk for nivå II.

Elevane må kunne dei grunnleggjande forskjellane mellom verba ser og estar, og dei må kunne bruke ulike preposisjonar og uttrykk for å informere om plassering.

Lærar
Høyre på lydfila
Kunne bruke Kahoot!
Kunne bruke Quizlet
Plan for opplegget
Før lytting
  • Læraren informerer elevane om at dei skal høyre ei lydfil som handlar om Colombia.
  • Læraren introduserer nye gloser på tre forskjellige måtar: ved å spele Kahoot!, ved å markere og forklare på eit kart kvar ulike land, byar o.a. ligg, og ved å spele Quizlet.
    1. Kahoot! er ein digital quiz som ein speler i plenum. Quizen inneheld spørsmål som er relaterte til lytteteksten.
    2. Kart over Latin-Amerika med tilsvarande spørsmål som dei med fokus på Colombia (vedlegg 1). Læraren deler klassen i grupper (tre–fire elevar per gruppe). Kvar gruppe må svare på spørsmåla og så gi svara sine vidare til dei andre gruppene. Gruppene kan rette på kvarandre munnleg. Mange av spørsmåla er ein repetisjon av det dei har lært i Kahoot!.
    3. Quizlet er eit digitalt verktøy der elevane jobbar individuelt med gloser som er henta frå lytteteksten. Programmet tilbyr seks ulike måtar å bli drilla i dei same glosene på. Elevane treng hovudtelefonar, for nokre av spørsmåla fungerer med lyd. Dette verktøyet er ei god hjelp når ein skal få vokabularet til å sitje. Elevane treng mellom 20 og 30 minutt for å jobbe med programmet.
Under lytting
  • Elevane får utdelt arka med spørsmål (vedlegg 2) før dei begynner å lytte til lydfila.
  • Eventuelle spørsmål om oppgåva blir tekne opp i plenum.
  • Kvar elev bør laste ned lydfila og bruke hovudtelefonar, slik at han/ho kan høyre på lydfila så mange gonger han/ho ønskjer.
  • Elevane høyrer på lytteteksten og bør prøve å løyse oppgåvene på 30–45 minutt.
  • Læraren kan gi fasiten i plenum eller dele ut svara, slik at elevane kan rette sine eigne svar.
Etter lytting
  • Etter at elevane har høyrt på lydfila og løyst oppgåvene, får dei i oppdrag å bruke orda og strukturane dei har lært, for å fylle ut eit skjema om Colombia (vedlegg 3) og deretter presentere det munnleg.
  • Elevane skal òg samanlikne nokre geografiske aspekt ved Colombia og Noreg. For å gjere det får elevane eit kart over Skandinavia og nokre spørsmål (vedlegg 4). Spørsmåla er baserte på spørsmåla om Colombia som dei fekk før lyttinga.
  • Til slutt får elevane eit skjema om Noreg (vedlegg 5) som dei òg må fylle ut og presentere munnleg. Skjemaet er basert på skjemaet om Colombia som dei fylte ut tidlegare.
Refleksjon og vurdering
Refleksjon
Elevane kan samanlikne korleis ein bruker setningsstrukturar og uttrykk for å beskrive ein by på norsk og på målspråket. Fordi elevane har jobba med dei same glosene og strukturane mange gonger og på ulike måtar, kan dei undersøkje likskapane og ulikskapane mellom morsmålet og det nye språket undervegs og bruke det i si eiga språklæring.

Vurdering
Elevane kan til dømes sjølve vurdere korleis dei har løyst oppgåvene til lytteforståinga, etter at dei er retta i plenum.
Når det gjeld den munnlege presentasjonen, kan læraren vurdere denne delen med karakter.
Oppfølging
Dette opplegget kan brukast som førebuing til munnleg eksamen om det same temaet.

Dersom de vil jobbe vidare med temaet Colombia, finst det ein lyttetekst frå munnleg eksamen i 2010 for nivå I.
Teksten blei opphavleg laga til nivå I, men kan òg brukast på nivå II.
Kommentarar
Opplegget vil ta om lag to dobbelttimar (avhengig av nivået til elevane). Måten opplegget er delt inn på (før lytting, under lytting og etter lytting), gjer det enklare for læraren å planleggje og strukturere undervisninga.

Elevane og læraren treng PC med tilgang til Internett.

Kommentarar frå elevar om Kahoot! og Quizlet
Mikkel (St. Olav vgs.): «Kahoot! er bra fordi det er morosamt. Kahoot! er læringsstimulerande.»
Ida (St. Olav vgs.): «Eg liker Quizlet veldig godt! Eg synest det er ein bra og effektiv måte å lære på, og eg klarer å hugse orda mykje fortare og betre enn når eg berre sit og les …»
Idé og utarbeiding
Natali Seguí Schimpke, Framandspråksenteret
Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 02.06.2015 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret