Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%


Dei fire lesehjelparane – felleslesing med resiprok metode

I lesesamanheng vil ei resiprok tilnærming vere å konstruere meining frå tekst gjennom interaksjon, det vil seie ein styrt tekstsamtale i gruppe. I arbeidet med teksten nyttar læraren og elevane dei fire lesehjelparane (leseforståingsstrategiane) samanfatting, spørsmålsstilling, klargjering og føregriping. I gruppesamtalen byter ein på å oppsummere, stille spørsmål, klargjere og spå handlinga undervegs i lesinga, og på denne måten viser ein kvarandre korleis ein tenkjer og arbeider for å forstå ein tekst – ein samarbeider om å skape meining i teksten.

Læraren har ei viktig oppgåve med å introdusere og modellere dei fire strategiane, men målet er at ansvaret som leseleiar etter kvart skal overførast til elevane, og at strategibruken skal bli både meir automatisert og sjølvinitiert. Når elevane får ta del i refleksjonane medelevane har omkring tekstforståinga, blir dei òg til ein viss grad modellar for kvarandre.

Undervegs i lesinga av ein tekst nyttar ein dei fire lesehjelparane i den nemnde rekkjefølgja. Etter å ha lese ein passe lang sekvens av teksten (til dømes eit avsnitt) stoppar ein opp og tek følgjande prosedyre i bruk:

1. Samanfatte: Denne delstrategien går ut på å trekkje ut det viktigaste og finne hovudmoment i det ein har lese. Ved oppsummering må elevane bruke eigne ord og får dermed kontrollert at dei har forstått innhaldet.

2. Stille spørsmål: Det å stille utdjupande spørsmål til teksten har ein liknande funksjon som punktet ovanfor – ein identifiserer viktig informasjon og testar si eiga forståing.

3. Klargjere: I denne fasen blir elevane oppfordra til kritisk vurdering av teksten og si eiga forståing gjennom oppklaring av ord, omgrep og innhald.

4. Føregripe: Gjennom denne siste lesehjeIparen lærer elevane å trekkje foreløpige slutningar og stille opp meiningar om kva som vil følgje vidare i teksten (= førlesingsstrategi før lesing av neste tekstsekvens) – det går på det personlege ”førestellingsbiletet”. Det er basert på det dei alt har lese, og dermed veit. Prosedyren blir gjenteken i samband med kvar lesne tekstsekvens.

Resiprok tilnærming til tekst er ein utbygd metode og det ein vil kalle ein djupare lesestrategi, i motsetning til meir overflatiske lesestrategiar. Fleire norske forskarar har beskrive denne modellen meir inngåande, mellom andre Rune Andreassen, Astrid Roe og Ivar Bråten.

Les mer

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 11.04.2017 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret