Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%


Ei heil bok på éin dag!

Utgangspunktet for aktiviteten er ei heil bok. Best eigna er litterære bøker med kortare kapittel, eit avgrensa persongalleri og ein klar handlingsgang.

Elevane får ansvar for, anten individuelt eller i par, å lese og presentere kvar sin del (kvar sitt kapittel) av boka. Arbeidet kan strukturerast ved hjelp av spørjeorda når, kven, kvar, kva og korleis, eller så kan ei utfyllande tidslinje gjere same nytten. Slike tidslinjer kan til slutt setjast saman og gir då ei visuell oversikt over handlingsforløpet i boka, der alle har bidrege med sin del av ein heilskap.

Etter at elevane har lese tekstdelen sin, skal medelevane ta del i leseopplevinga. Kvar elev/kvart elevpar presenterer munnleg dei har lest, no i kronologisk rekkjefølgje (= handlinga i boka). Dette i motsetning til førebuingsdelen, der dei berre les eit utsnitt av heilskapen. No får alle oversikt over den samla handlingsgangen i teksten, og vips har alle fått ei bok unnagjord på éin dag!

Aktiviteten er ei lett form for mengdelesing. Sjølv om elevane ikkje les alt sjølve, bidreg dei til og deltek i ei felles leseoppleving. Å nærme seg ein tekst på denne måten kan òg motivere for vidare lesing – anten fordi ein får lyst til å lese den konkrete boka, eller fordi ein blir inspirert til å lese andre litterære tekstar. Gjennom denne metoden kan elevane erfare at det å lese ei bok ikkje er uoverkommeleg – og at det gir innblikk i ei ny og spennande verd!

Les mer

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 11.04.2017 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret