Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%


 

Lesestafett
Lesing i engelsk og fremmedspråk
Aktivitet under lesing

Korleis og kvifor

Ein lesekonkurranse kan arrangerast på mange slags måtar. I denne aktiviteten blir tekstlesinga arrangert som ein stafett internt i klassen. Dann lag med tre elevar og la kvart lag fordele rollene orakel, bodbringar og skribent seg imellom. Orakelet og skribenten skal plasserast i ulike rom, eventuelt i kvar sin ende av det same rommet.

No kan stafetten starte: Orakelet får teksten som dannar utgangspunktet for aktiviteten. Han eller ho skal lese og velje ut handterlege tekstsekvensar og formidle innhaldet vidare munnleg til bodbringaren, som lyttar merksamt. Når bodbringaren føler seg klar til å bringe innhaldet vidare, skyndar han/ho seg til skribenten og fortel det. Skribenten lyttar og noterer ned tekstinformasjonen. Når det er gjort, startar ein ny ”runde” med neste tekstsekvens, og slik held aktiviteten fram heilt til heile tekstinnhaldet har nådd skribenten. Vinnaren blir kåra på grunnlag av to ting:

  1. Fart
  2. Kvaliteten på attforteljinga (det skriftlege notatet samanlikna med utgangsteksten)

Aktiviteten er ganske støyande, men kan setjast inn for å skape variasjon og litt rørsle. Om vi i det heile teke kan strekkje det så langt som til å bruke strategiomgrepet, så er det her snakk om ein overflatestrategi. Kortare tekstar eignar seg best for aktiviteten, for det blir noko einsformig om det dreg ut i lengda.


Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 20.04.2017 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret