Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%


Lytt etter ordet ditt!

Korleis og kvifor

Dette er ei enkel dramaøving for yngre elevar der læraren les ein ukjend tekst høgt mens elevane deltek aktivt undervegs. Læraren lagar først like mange lappar som det er elevar i klassen, og kvar lapp har eit ord som finst i teksten. Tre-fire lappar har det same ordet. Lappane blir lagde ut på golvet eller på eit bord, og elevane går fram og hentar seg ein lapp.

Læraren startar høgtlesinga – teksten bør helst vere forteljande. Kvar gong elevane høyrer ordet sitt bli lese opp, må dei reise seg, og når læraren les vidare, skal dei setje seg igjen (andre reaksjonsmønster kan òg vere aktuelle). Slik vil tre-fire elevar reise seg samtidig, og skulle nokon vere så uheldig å ikkje heilt følgje med, så kjem det fleire sjansar utover i teksten. Øvinga set fokus på lydbiletet av ord som blir presenterte i ein samanheng. Avhengig av kor vanskeleg teksten er, og kva språknivå elevane er på, vil nokre elevar ha utbyte av sjølve historia, mens andre sannsynlegvis vil bli svært opptekne av å lytte etter ordet sitt – og berre det. Fordelen er likevel at orda blir uttalte og repeterte fleire gonger, samtidig som eleven sit med det skrivne ordet i handa. Som førebuing til øvinga må læraren velje ut dei orda frå teksten som elevane skal reagere på, og skrive dei opp på lappar.

Les mer

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 11.04.2017 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret