Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Adjektivstafett Adjektivstafett_200.jpg
 Arbeidsform Grupper
 Tidsbruk 10 minutt
 Ferdighet Munnleg
Du trenger Eit skjerf

Adjektivstafett

To lag konkurrerer mot kvarandre når det gjeld å forstå beskrivande informasjon på målspråket. Dei må reagere lynraskt for å skaffe poeng til laget sitt.

Skritt for skritt

  • Klassen dannar to lag. Laga samlar seg i kvar sitt hjørne i enden av klasserommet. Læraren står i midten framme. Det bør vere god avstand mellom læraren og dei to laga.
  • Læraren held eit skjerf i handa og seier ei beskrivande setning med adjektiv på målspråket om noko som er felles for minst éin elev på kvart lag. Til dømes slik: «Eg har på meg svarte bukser», «Eg har mørkt hår», eller «Eg har blå auge».
  • Elevane som oppfyller beskrivinga, må skynde seg bort til læraren og prøve å ta skjerfet. Den eleven som klarer å ta skjerfet tilbake til laget utan å bli teken av eleven/elevane frå det andre laget, skaffar laget sitt eit poeng. Dersom ein elev derimot blir teken av motstandaren, er det det konkurrerande laget som får poeng.
  • Eleven som vinn runden, tek over rolla til læraren og seier ei ny setning.
  • Aktiviteten held fram til dei fleste elevane har delteke.
Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 04.10.2018 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret