Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Bindershjul Bindershjul_200.jpg
 Arbeidsform Grupper
 Tidsbruk 10 minutt
 Ferdighet Munnleg
Du trenger Utfylt mal og binders

Bindershjul

Hald deg fast, for her går det rundt og rundt! Med bindershjulet kan elevane øve på eigedomspronomen ved substantiv eller på personbøying av verb.

Skritt for skritt

  • Læraren fyller ut éin mal med verb i infinitiv og éin med personlege pronomen (for å øve på personbøying av verb), eller éin mal med substantiv og éin med eigedomsord (for å øve på eigedomsord i kjønn og tal).
  • Elevane går saman i grupper på to til fire personar.
  • Kvar gruppe får utdelt to hjul: eitt med pronomen og eitt med verb i infinitiv, eller eitt med eigedomsord og eitt med substantiv. I tillegg får dei éin binders per gruppe.
  • Etter tur skal elevane plassere bindersen i midten av hjulet, der linjene kryssar kvarandre. Eleven set deretter ein pennespiss på krysspunktet, slik at bindersen er rundt pennespissen. Eleven snurrar bindersen rundt pennespissen og legg merke til kvar han stoppar.
  • Eleven gjer dette på begge hjula, slik at han/ho får to ord å setje saman.
  • Dei andre i gruppa kontrollerer at det blir rett (eventuelt ved hjelp av ein fasit).
Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 04.10.2018 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret