Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Det perfekte spelet Det_perfekte_spillet_200.jpg
 Arbeidsform Grupper
 Tidsbruk 20 minutt
 Ferdighet Munnleg
Du trenger Spelebrett (mal), terningar og spelebrikker

Det «perfekte» spelet

Elevane speler eit brettspel som går ut på å gjere setningar i presens om til presens perfektum – og omvendt. Spelet er inspirert av Perfekt-Spiel (www.hueber.de) og kan lett tilpassast andre grammatiske emne.

Skritt for skritt

  • Læraren skriv ut malen og fyller ut ei setning i kvart av dei kvite felta. Nokre setningar skal stå i presens, andre i presens perfektum. I tillegg har spelet nokre farga felt som representerer «lønn» eller «straff» (sjå forklaringa nedanfor).
  • Del klassen i grupper på tre–fire elevar. Kvar gruppe får ein terning og eit spelebrett, og kvar elev får ei spelebrikke.

    Eleven som begynner, kastar terningen og flyttar fram like mange felt som auga på terningen viser. Dersom det står ei setning i presens i feltet eleven hamnar i, skal setninga gjerast om til presens perfektum. Dersom setninga står i presens perfektum, skal ho gjerast om til presens. Dei andre elevane gir tilbakemelding på om svaret er rett eller ikkje. Dersom dei er i tvil, spør dei læraren. Skulle elevane hamne i eit farga felt, skjer følgjande:
    − Raud: Eleven må stå over neste runde.
    − Blå: Eleven får flytte brikka to felt framover.
    − Grøn: Eleven må flytte brikka to felt bakover.
  • Elevane kastar terningen berre éin gong etter tur.
  • Eleven som kjem først i mål, vinn spelet.
Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 04.10.2018 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret