Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Fem like fem_like_200.jpg
 Arbeidsform Grupper
 Tidsbruk 5-10 minutt
 Ferdighet Munnleg
Du trenger Spelekort

Fem like

I dette kortspelet skal elevane konkurrere om å bli den første til å samle seks kort som høyrer saman, på same måten som i kortspelet «Gris».

Skritt for skritt

  • Læraren lagar ein kortstokk med ulike kategoriar. Kvar kategori skal bestå av seks kort. Ein kan til dømes velje ulike verb i presens, preteritum eller presens perfektum bøygd i alle seks personane, eller seks kort med same ordklasse (seks kort med preposisjonar, seks kort med substantiv, seks kort med adjektiv, osv.).
  • Skriv ut og klipp opp korta.
  • Elevane dannar grupper. Talet på elevar per gruppe må stemme overeins med talet på kategoriar læraren har førebudd (her: seks). Korta skal stokkast og delast ut. Kvar elev får seks kort. Ingen kan få fleire kort, og det skal ikkje bli nokon kort til overs.
  • Elevane sjekkar korta sine utan å vise dei til medspelarane og bestemmer seg for å samle på éin kategori. Så vel alle eitt kort dei ikkje vil ha, tel samtidig til tre på målspråket og sender kortet vidare til sidemannen. Korta skal sendast vidare til neste spelar på same måten heilt til ein elev har klart å få seks kort med den same kategorien.
  • Førstemann til å leggje handa si på pulten har vunne. Sistemann taper og får minuspoeng.
Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 04.10.2018 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret