Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Grammatikk-memory Grammatik_memory_200.jpg
 Arbeidsform Grupper
 Tidsbruk 10-15 minutt
 Ferdighet Munnleg
Du trenger Lappar (sjå mal)

Grammatikk-memory

Eit memory-spel som får elevane til å merkje seg ordklassar og grammatiske former for å samle så mange kortpar som mogleg.

Skritt for skritt

  • Læraren lagar til 14 kort med korte setningar med preposisjonsuttrykk. Halvparten av korta skal vere på norsk, den andre halvparten skal ha tilsvarande setningar på målspråket. Korta på norsk og på målspråket kan eventuelt skrivast ut i kvar sin farge.
  • Læraren klipper opp korta.
  • Del klassen inn i grupper på fire elevar.
  • Kvar gruppe får eit sett med 14 kort.
  • Elevane legg korta opp ned på bordet.
  • Ein elev begynner med å snu to kort. Dersom setningane betyr det same, beheld han/ho begge korta. Viss ikkje legg han/ho korta opp ned igjen på same staden.
  • Elevane som samlar flest kortpar, vinn.

Høgare nivå

Spelet kan òg lagast einspråkleg (med ord berre på målspråket). Eitt kort kan til dømes innehalde ei infinitivform og eit anna kort det same verbet i presens eller fortidsform (sjå illustrasjonen). Elevane skal finne dei rette para. Be så elevane om å lage meiningsfulle setningar.

Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 04.10.2018 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret