Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Grammatikkgalleri
 Arbeidsform Par/Plenum
 Tidsbruk 15 minutt
 Ferdighet Skriftleg
Du trenger A3-ark

Grammatikkgalleri

Med grammatikkplakatar i klasserommet kan ein byggje opp ein felles visuell minigrammatikk etter kvart som ein jobbar med ulike strukturelle emne.

Skritt for skritt

  • To elevar blir peikte ut til å lage ein oversiktsplakat (A3-format) over det som for tida er i fokus i grammatikkopplæringa. Oppgåva med å lage plakat rullerer.
  • Heng plakatane i klasserommet etter kvart som dei blir ferdige. Slik vil elevane vere omgitt av systemet i språket når dei er i klasserommet, og dei kan alltid kaste eit blikk på dei for å friske opp reglane når dei jobbar med oppgåvene. I tillegg kan læraren vise direkte til tidlegare emne utan å måtte appellere berre til minnet til elevane, gå omvegen om læreboka/regelheftet eller skrive systemprinsippa heilt på nytt på tavla.
Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 04.10.2018 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret