Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Info - hendene info_hendene_200.jpg
 Arbeidsform Plenum
 Tidsbruk 15 minutt
 Ferdighet Munnleg
Du trenger A4-ark

Info-hendene

Dette er ein bli-kjend-aktivitet der elevane trener på spørsmål og svar.

Skritt for skritt

  • Kvar elev får eit A4-ark av læraren. På arket skal dei teikne omrisset av handa si.
  • På kvar finger skriv elevane eit ord eller eit tal som representerer noko ved dei sjølve. Det talet/ordet refererer til, bør vere relatert til tema som elevane har lært om i framandspråkopplæringa.
  • Elevane går rundt i klasserommet med arket sitt. Målet er å finne ut kva hendene gir informasjon om. Aktiviteten fokuserer på spørsmål med spørjeord – det er ikkje lov å stille ja/nei-spørsmål.
  • Elevane stiller spørsmål til kvarandre (om kvarandre) til dei får til svar noko som står på handa til medeleven. Dersom det til dømes står talet 3 på handa, kan det vere svaret på spørsmål som «Kor mange søsken har du?», «Kor ofte trener du?», «Kor mange språk snakkar du?», «Kor ofte har du reist utanfor Europa?» eller «Kva er snittet ditt i naturfag?». Ein kan ikkje stille generelle spørsmål som til dømes «Kva er 2 + 1?».
  • Aktiviteten er ferdig når flest mogleg elevar har snakka med kvarandre, eller når ein elev kan forklare alt det som står på handa til ein av medelevane.
Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 04.10.2018 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret