Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Kongen befaler  Kongen_befaler_200.jpg
 Arbeidsform Plenum
 Tidsbruk 10 minutt
 Ferdighet Munnleg
Du trenger -

Kongen befaler!

I denne aktiviteten skal ikkje elevane nødvendigvis gjere det dei blir bedde om, i alle fall ikkje dersom dei vil vinne. Med denne aktiviteten øver dei på imperativ av verb gjennom å gi og ta imot ordrar.

Skritt for skritt

  • Læraren (eller ein elev) står framfor klassen. Han/ho skal seie ei setning i imperativ (eventuelt ved hjelp av eit manus). Elevane i klassen skal reagere i tråd med reglane:
    − Dersom setninga begynner med «Kongen befaler» på målspråket (FR: «Jacques a dit» / SP: «Simon dice» / TY: «Simon sagt»), skal elevane gjere ordren som følgjer, til dømes «Kongen befaler hopp! / klapp på skuldra di! / gå til vindauget! / rekk opp den venstre handa! / sei talet «100» på målspråket.
    − Dersom setninga berre er ein ordre, utan innleiinga «Kongen befaler», skal ikkje elevane utføre ordren, men bli ståande heilt i ro.
  • Dei som beveger seg på feil tidspunkt, kan framleis delta i leiken dersom dei utfører ei ekstra utfordring rett. Dei kan til dømes bli bedde om å bøye eit verb, telje til 10 på målspråket eller gjenta ordren i negativ form.
Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 04.10.2018 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret