Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Ordklassekategorisering ordklassekategorisering_200.jpg
 Arbeidsform Grupper
 Tidsbruk 15 minutt
 Ferdighet Lesing
Du trenger Lappar med ord og «sorteringsbrett»

Ordklassekategorisering

Når elevane fysisk kategoriserer ord i ulike ordklassar, kan det gjere dei meir bevisste på dei ulike delane i språket og kva funksjon dei har.

Skritt for skritt

  • Læraren lagar ein tabell med ord frå ulike ordklassar – éin kolonne per ordklasse. Andre måtar å kategorisere på kan vere etter kjønn/fleirtal ved substantiv, regelrette/uregelrette verb, osv. Sidan dette er ein nyttig bevisstgjerande aktivitet for begynnaropplæringa, bør ein velje transparente ord. Slik vil elevane, sjølv med lite språkkompetanse i framandspråket, kunne gjere rette vurderingar med tanke på plassering.
  • Skriv ut like mange eksemplar av dokumentet med ord som det er grupper som skal jobbe med oppgåva. Klipp opp dokumentet, slik at kvar lapp har eitt ord.
  • Læraren lagar eit «brett» (A4-ark) med eitt felt per ordklassekategori som er representert i tabellen. Kopier opp like mange eksemplar som det er grupper som skal jobbe med oppgåva.
  • Elevane jobbar i grupper på tre eller fire. Dei får utdelt ein bunke lappar med ord i ulike ordklassar og eit «brett» med kategoriane (ordklassane) som orda representerer.
  • Elevane legg lappane utover, og for kvart ord vurderer dei kva for ein ordklasse det høyrer til, og legg det i den gjeldande kategorien på brettet.
  • Når alle lappane er plasserte på brettet, ber læraren elevane om å sjå etter felles kjenneteikn for kvar kategori/ordklasse. Deretter viser læraren fasiten = grunnlagsdokumentet (tabellen med alle orda ordna etter ordklasse).
Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 04.10.2018 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret