Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Senke skip senke_skip_200.jpg
 Arbeidsform Par
 Tidsbruk 10-15 minutter
 Ferdighet Munnleg
Du trenger Utfylt mal + fasit

Senke skip

Bøying av verb får ein annan dimensjon når det bidreg til å avgjere kven som først klarer å finne og senke «skipa» til motspelaren.

Skritt for skritt

  • Læraren vel tolv verb som elevane skal øve på å bøye. Vel verb og tid etter språknivået til elevane. Skriv inn verba i infinitiv i malen, slik at begge tabellane ser like ut. Lag eventuelt ein fasit på verbbøying.
  • Elevane får utdelt eitt ark kvar av den utfylte malen og eventuelt fasiten.
  • Elevane plasserer fem skip i tabellen Skipa mine. Elevane markerer skipa ved å setje kryss i tabellen på denne måten: Det eine skipet er fem kryss langt, det andre er fire kryss langt, det tredje og det fjerde skipet er tre kryss lange, og det femte er to kryss langt. Kryssa/skipa kan plasserast horisontalt eller vertikalt i tabellen.
  • To og to elevar set seg overfor kvarandre. Dei skal ikkje sjå arka til kvarandre.
  • Målet er å finne ut kvar skipa til motspelaren er plasserte.
  • Elev A vel eit verb og bøyer det etter eit pronomen utan å sjå på fasiten.
  • Dersom bøyinga er rett, sjekkar elev B den aktuelle ruta i tabellen sin. Han/ho seier om ruta er tom (= vatnet), eller om det står eit kryss der (= ein skipsdel).
  • Elev A noterer svaret i den tilsvarande ruta i tabellen Skipa til motspelaren. Dersom han/ho fekk beskjed om eit skip, skal det setjast eit kryss i ruta. Dersom han/ho fekk beskjed om vatn, skal ruta markerast med ein prikk.
  • Vinnaren er eleven som har funne flest av skipa til motspelaren når tida er ute.
Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 04.10.2018 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret