Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Setningskomposisjon Setningskomp_200.jpg
 Arbeidsform Grupper/plenum
 Tidsbruk 10 minutt
 Ferdighet Munnleg
Du trenger A4-ark

Setningskomposisjon

For at elevane skal bli merksame på særtrekk ved ordstillinga til målspråket, kan ein gjere desse tydelege ved å la elevane gå rundt i rommet og komponere setningar fysisk med plakatar med setningsledd.

Skritt for skritt

  • Læraren vel nokre setningar som er gode døme på ein ordstillingsregel på målspråket (leddsetning, nekting, adverb, adjektiv, modalverb, tids-/staduttrykk), og lagar plakatar med eitt setningsledd med stor og feit skrift per plakat.
  • Arka med ledd som utgjer ei setning, blir delte ut til tilfeldige elevar. Dei får beskjed om å finne den rette rekkjefølgja og stille seg oppe ved tavla med ansiktet og arket mot resten av klassen. For å gjere det ekstra utfordrande kan ein la vere å skrive det første leddet i setninga med stor forbokstav.
  • Når ordstillinga elevane har foreslått, er godkjend, kan ein oppmode elevane om å fortelje kven dei er (kva for eit setningsledd), og forklare kvifor dei står der dei står (ordstilling).
  • Aktiviteten held fram til ein har gjort det same med alle setningane. Til dei ulike setningane vel ein ulike elevar, slik at så mange som mogleg får prøve seg.
Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 04.10.2018 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret