Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Sikksakk Zickzack_200.jpg
 Arbeidsform Grupper
 Tidsbruk 10 minutt
 Ferdighet Munnleg
Du trenger Klistrelappar

Sikksakk

I denne aktiviteten testar ein lagringskapasiteten til elevane i samband med konkrete grammatiske moment (her: laust samansette verb for tysk og verb med preposisjonar for fransk og spansk).

Skritt for skritt

  • Klassen blir delt i to grupper. Kvar gruppe får eit sett klistrelappar med laust samansette verb (for tysk) og verb med preposisjonar (for fransk og spansk).
  • Kvar elev klistrar ein lapp på brystet.
  • Elevane får nokre minutt til å studere lappane til dei andre. Målet er å hugse flest mogleg verb og kunne knyte dei til person.
  • Deretter dannar kvar av gruppene ein sirkel og fjernar lappane frå brystet. Éin elev står i midten av sirkelen, peiker på ein annan elev og vel éin av følgjande instruksar:
    - «Sikk»: Vedkommande skal seie verbet til eleven som står til høgre for seg.
    - «Sakk»: Vedkommande skal seie verbet til eleven som står til venstre for seg.
    - «Sikksakk»: Alle byter plass, også eleven som står i midten.
  • Slik held elevane fram til læraren meiner at mange nok har fått prøve seg.
  • Aktiviteten kan avsluttast med at elevane skriv ei setning for kvart verb. Setningane kan korrigerast i plenum.
Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 04.10.2018 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret