Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Sorteringsspel sorterings_kort_200.jpg
 Arbeidsform Grupper
 Tidsbruk 15 minutt
 Ferdighet Munnleg
Du trenger Kort og lappar

Sorteringsspel

Denne aktiviteten gjer på ein leikande måte elevane bevisste på kva kjønn substantiv har.

Skritt for skritt

  • Læraren lagar fire kort med 24 forskjellige ord. Kvart kort inneheld seks ord. Orda på to av korta er ei liste med berre hokjønnsord, lista på dei to andre korta inneheld berre hankjønnsord (andre emne er òg mogleg, til dømes substantiv/verb, form på adjektiv etter kjønn/tal eller regelrette/uregelrette verb).
  • Læraren skriv orda som er representerte på korta, på lappar, slik at det står eitt ord per lapp.
  • Læraren går igjennom reglane for å bestemme kjønn og kjem med nokre døme.
  • Elevane dannar grupper på fire personar.
  • Kvar elev får utdelt eit kort, og lappane blir spreidde utover på bordet opp ned.
  • Elevane lærer orda frå kortet dei har fått, utanåt. Så gir dei kortet til sidemannen, som er ansvarleg for å sjekke innhaldet i løpet av spelet.
  • Etter tur trekkjer elevane ein lapp.
    - Dersom eleven meiner at ordet står på lista, skal han/ho lage ei setning med ordet. Eleven får kortet dersom alt stemmer, og då går turen til nestemann.
    - Dersom eleven tek feil eller seier noko feil, legg han/ho lappen tilbake og må stå over neste runde.
    - Dersom eleven veit at ordet ikkje står på lista, legg han/ho kortet tilbake, og så går turen til nestemann.
  • Målet er å vere den første som samlar dei seks lappane med ord frå eige kort.
Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 04.10.2018 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret