Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Tem ville setningar! Tem_ville_setninger_200.jpg
 Arbeidsform Grupper
 Tidsbruk 20 minutt
 Ferdighet Munnleg/skriftleg
Du trenger Tomme lappar

Tem ville setningar!

Elevane får roller som setningsledd, og ord frå kvar rolle skal setjast saman til «ville» setningar som elevane i neste runde skal «temje».

Skritt for skritt

  • Læraren repeterer dei viktigaste ledda i setningsbygninga (SVO) og skriv nokre korte og enkle SVO-setningar på tavla.
  • Klassen blir så delt i tre grupper: S-gruppa, V-gruppa og O-gruppa.
  • Kvar gruppe får minst éin lapp per elev. Her skal elevane skrive ord som høyrer til kategorien som gruppa representerer (eitt ord per lapp). S-gruppa skal skrive ord som kan fungere som subjekt, V-gruppa skal skrive verb i infinitiv, og O-gruppa skal skrive substantiv.
  • S-gruppa begynner med å seie eit ord frå kategorien sin. Læraren skriv ordet på tavla. Så er det V-gruppa sin tur. Til slutt skriv læraren ordet som O-gruppa foreslår.
  • Setninga som blir danna, kan vere ganske «vill». No skal elevane i plenum rette på henne, slik at ho blir både syntaktisk og innhaldsmessig korrekt: Verbet må stå i samsvar med subjektet, og objektet må eventuelt bytast ut for at setninga skal gi meining.
  • Lag fleire setningar på same måten.

Høgare nivå

Alt etter kva språknivå elevane er på, kan fleire setningselement leggjast til, til dømes adjektiv, tidsbestemmingar eller hjelpeverb. Fagleg sterke elevar kan òg tenkje på kasusbøying dersom språket har det.

Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 04.10.2018 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret