Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Terningen har talt Terningen_har_talt_200.jpg
 Arbeidsform Par
 Tidsbruk 10-15 minutt
 Ferdighet Munnleg
Du trenger Terningar og utfylt mal

Terningen har talt!

Elevane trillar terningar, og auga på terningen bestemmer kva for eit verb dei skal bøye, og i kva for ein person.

Skritt for skritt

  • Læraren vel ut nokre verb og fyller dei inn i malen i infinitiv. I skjemaet er det plass til 36 verb, men det er ikkje noko problem å ta med det same verbet fleire gonger. Lag eventuelt ein fasit for å gi elevane ekstra støtte.
  • Elevane dannar par og får utdelt ein kopi av arket og to terningar.
  • Det første kastet er med to terningar og gir koordinatane som viser kva verb som skal bøyast (1–6 loddrett og vassrett). Kvart terningkast gir to ruter. Elevane vel eitt av verba som terningane har bestemt.
  • Det andre kastet er med éin terning og gir personen som verbet skal bøyast i:
    1 = 1. person eintal
    2 = 2. person eintal
    3 = 3. person eintal
    4 = 1. person fleirtal
    5 = 2. person fleirtal
    6 = 3. person fleirtal
  • Elevane trillar etter tur. Rett svar gir eitt poeng, og elevane markerer ruta med forbokstaven sin. Den med flest markeringar vinn
Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 10.09.2018 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret