Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Verbspå verbspaa_200.jpg
 Arbeidsform Par
 Tidsbruk 10-15 minutt
 Ferdighet Munnleg/skriftleg
Du trenger Kvadratisk ark (sjå døme)

Verbspå

Elevane lagar ein spå som dei bruker for å repetere personbøying av verb.

Skritt for skritt

  • Læraren tek med kvadratiske ark til alle elevane i klassen.
  • Elevane brettar kvar sin spå. Dei vel åtte verb på målspråket som dei skriv på utsida av flikane. På innsida av flikane skriv dei bøyinga av verba ved alle pronomena. Læraren bestemmer kva for ei tid verba skal bøyast i.
  • Når spåane er ferdige, går elevane rundt i klassen for å teste kvarandre sine verbbøyingskunnskapar. Elev A seier eit tal mellom 0 og 10 på målspråket. Elev B tel fram til dette talet og viser innsida av spåen. Elev A vel eit verb. Elev B seier eit pronomen. Elev A bøyer verbet etter pronomenet.
  • Elev B sjekkar svaret ved å løfte fliken. Dersom svaret er rett, byter dei rolle.
  • Når begge elevane har svart, byter dei spå og finn nye spåkameratar.

Høgare nivå

Fagleg sterke elevar kan lage ei setning med rett bøying av verba og omsetje ho etterpå.

Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 04.10.2018 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret