Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer


 

Vis deg! Vis_deg_200.jpg
 Arbeidsform Pararbeid
 Tidsbruk 10 minutt
 Ferdighet Munnleg
Du trenger Plakatar med svaralternativ og lukeoppgåver (som digital presentasjon)

Vis deg!

Med «Vis deg!»-aktiviteten kan ein på ein konkurranseprega måte få oversikt over klassen si strukturforståing i plenum, og elevane kan lære av kvarandre. Emne som eignar seg, er til dømes personendingar av verb, kasus og adjektivendingar.

Skritt for skritt

  • Læraren klargjer ein digital presentasjon med éi lukeoppgåve per lysbilete til ønskt emne og eit sett plakatar (A4-ark) med dei ulike svaralternativa i stor og feit skrift. Det valde grammatiske emnet bør ikkje opne for altfor mange alternativ, for då blir det for mykje å halde styr på for elevane.
  • Læraren viser presentasjonen og avdekkjer éi og éi oppgåve.
  • Elevane samarbeider to og to eller i mindre grupper om eit identisk sett med plakatar.
  • Etter kvart som elevane får sjå oppgåvene, reflekterer dei over moglege løysingar og held så opp plakaten dei meiner gir det rette svaret. Elevar som er usikre, vil kanskje kaste eit blikk på plakatane til medelevane, men det kan det òg vere læring i.
  • Eit av elevpara blir peikt ut til å lese den fullstendige setninga og forslaget til svar.
  • Eit anna elevpar med rett svar forklarer løysinga.
Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 25.09.2017 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret