Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer

Storyline


Lærar: Ulrikke Smith
Skole: Ringstabekk skole, Bærum
Lengde: 36.33 min
Last ned infoark

I denne filmen får vi sjå korleis storyline vert brukt i begynnaropplæringa i tysk på 8. trinn. Kort forklart er storyline ei temaforteljing som elevane og læraren skapar saman. Dei sentrale elementa er tid, stad og personar. Læraren har valt rammene for forteljinga og bestemt tid og stad, medan elevane gjev liv til forteljinga gjennom personane dei lagar.

Forteljinga vert driven fram av nøkkelspørsmål. Nøkkelspørsmål er alltid opne i forma, dei lèt elevane vere aktive og ta i bruk førehandskunnskapen sin. Samarbeid og diskusjon er viktige sider ved storyline. Difor er elevane organiserte i grupper på fire.

Denne storylinen byrjar med at elevane og læraren etablerer staden der storylinen skal føregå, ein tenkt by i delstaten Baden-Württemberg. Det første nøkkelspørsmålet er: Kva skal byen vår heite? Elevane stemmer over kva namn byen og gatene skal ha. Gatenamna skriv dei inn på eit stort, tomt bykart som læraren har laga på førehand. Dette kartet (frisa) er med på å konkretisere konteksten og visualisere temaet som elevane arbeider med.

Det neste nøkkelspørsmålet er: Kven bur i gata vår? Kvar gruppe lagar ein familie på fire personar. Elevane klipper ut og teiknar modellar av personane sine, gjev personane namn, alder, yrke, interesser. Til sist presenterer kvar gruppe familiane sine for kvarandre.

Etter å ha presentert familiane teiknar gruppene huset der familien deira skal bu. Både i denne og i den førre økta lagar elevane ordbankar med dei tyske orda dei treng å kunne.

Til nøkkelspørsmålet «Kva gjer personen din i løpet av ein dag?», øver elevane inn ein frase med ei bestemt ordstilling, «Um 8 Uhr … ich ….» osb, som dei bruker for å skildre gjeremåla til personen sin i løpet av ein dag. Deretter lagar elevane eit rollespel til spørsmålet «Kva snakkar vi om ved frukostbordet?».

I neste storylinetime dukkar det brått opp ein forvirra turist som treng hjelp til å finne fram i byen. Turisten er læraren-i-rolle. Dette er innleiinga til eit rollespel der Kleinstadt-innbyggjarane må forklara vegen til turistar med utgangspunkt i kartet over Kleinstadt.

I det siste nøkkelspørsmålet, «Korleis feirar vi karneval i Kleinstadt», foreslår elevane korleis karnevalet i byen skal feirast. Det vert opptog, mat og kos.

Til slutt evaluerer elevane arbeidet med storylinen. Kva har vi lært? Kva likte vi ved denne arbeidsmåten? Kva kunne vore gjort annleis?

Spørsmål til diskusjon
Kva for språklege aktivitetar fann stad i dette storylineforløpet?
Korleis kan ein metode som storyline bidra til språklæring i framandspråkundervisninga?
Kva slag type storylineforløp kunne du tenkje deg å gjennomføre med dine elevar?

Ressursar
Sokrates-prosjektet «Creative Dialogue» om storyline i framandspråkundervisninga
«Wer bin ich? Undervisningsdifferentiering med storylinemetoden på tysk» av Annette Carsing, Sproglæreren 1/2006
Falkenberg, Cecilie og Erik Håkonsson (2001): Storylinebogen. En håndbog for undervisere. Kroghs Forlag
Steve Bell om storyline

Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 10.02.2016 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret