Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer

Vindusmetoden


Lærar: Terje Leraand
Skole: Stavanger katedralskole
Lengde: 13.48
Last ned infoark

Denne filmen viser ein strukturert metode for å få elevane munnleg aktive. I byrjinga styrer læraren dialogen med elevane, men etter kvart trer læraren til sides, og elevane samtalar friare.

Læraren byrjar med å vise eit lysark (her vindauge) med ein dialog mellom person A og person B om temaet Fiestas de España. Dialogen er skriven slik at kvar setning står først på norsk med den spanske tydinga rett under.

Elevane får først berre sjå den norske setninga, til dømes «A: Liker du festene i Spania?», og blir bedne om å assosiere fritt og dikte dersom dei ikkje kjenner den nøyaktige ordlyden på spansk. Ideen er at elevane skal bruke dei orda dei kan, og det er ikkje så nøye om dei seier noko feil. Det viktige er å få elevane i tale.

Etter at elevane har fått prøvd seg på ei omsetjing, eventuelt kome med liknande utsegner, viser læraren den spanske tydinga av setninga. Læraren og elevane les denne høgt saman i kor. Gjennomgangen av resten av dialogen følgjer same mønsteret. Elevane får på denne måten vist forkunnskapane sine, og dei får øving i å uttale enkle frasar.

Når heile dialogen er gjennomgått, les elevane heile teksten eit par minutt for seg sjølve. Neste steg er å lese dialogen høgt i par med hjelp frå lysarket (vindauget). Etter å ha gjort dette ei stund er elevane klare til å prøve å samtale utan å lese rett frå teksten. Læraren ber elevane tenkje seg at dei no er på kafé og pratar saman. I ein slik sosial situasjon vil det vere uhøfleg å sjå ein annan stad enn på partnaren når ein samtalar. Hjelperegelen er at det er lov å kike bort på lysarket (vindauget) om ein ikkje hugsar teksten, men så fort ein byrjar å prate, lyt ein sjå partnaren i auga.

No er dialogen såpass automatisert at læraren tek vekk lysarket (vindauget), og elevane må snakke saman utan noko hjelpemiddel. Om dei blandar person A og person B sine utsegner, er ikkje det så farleg, målet er å ha ein samtale med flyt. Læraren si oppgåve er å gå rundt og høyre på elevane, vise interesse og motivere elevane til å bruke språket.

Heilt til slutt ber lærarenelevane gå rundt i rommet og samtale både i par og grupper. Gjennom dei ulike stega i undervisningsopplegget har elevane automatisert frasar på målspråket. Dette gjer at dei kjenner seg trygge nok til å prøve ut spontan, fri kommunikajon på målspråket.

Spørsmål til diskusjon
Kva likte du ved dette undervisningsopplegget?
Korleis kan ein få elevar til å bruke målspråket for å samtale om konkrete tema innanfor språk, kultur og samfunn?
Korleis ser du føre deg ein draumetime med munnlege aktivitetar?

Ressursar
«Å snakke et fremmedsprak er å kle seg naken…» av Inger Langseth (2008): Språkfag 2. Idéhefter for lærere. Tapir Akademisk Forlag
«Locolandia – et rollespill for språklæring» av Inger Olsbu og Alejandro Huidobro Goya i Språk og språkundervisning nr. 2/2006

Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 10.02.2016 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret