Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%

Retningslinjer


Retningslinjer for forfattarar som ønskjer å publisere i Fokus på språk
(per 1.5.09)

Fokus på språk
Fokus på språk er Framandspråksenteret sin publikasjonsserie. Serien har som mål å bidra til auka kvalitet i framandspråkopplæringa. Vi publiserer døme på god praksis, rapportar frå forsøksprosjekt, spesialutgåver om språka vi har ansvar for, og vitskaplege artiklar som set fokus på framandspråk (didaktikk) i Noreg. Serien er open for eksterne bidragsytarar.

Godkjenningsordning
Framandspråksenteret tek imot manus for publisering. Vi har ei godkjenningsordning for serien. Det inneber at senteret krev retten til å avvise manus eller til å be forfattaren gjere endringar i manus før publisering. Vi har inga bestemt minimums- eller maksimumslengd på bidraga.

Publisering
Fokus på språk blir publisert som PDF-fil på nettsidene til Framandspråksenteret. Serien kan altså vederlagsfritt lastast ned i fulltekst frå nettet. Serien blir òg trykt på papir. Opplaget varierer frå nummer til nummer.

Framandspråksenteret tildeler publikasjonsnummer og ordnar med avleveringsplikta til Nasjonalbiblioteket.

Opphavsrett
Forfattaren beheld sjølv opphavsretten til arbeidet sitt i samsvar med lov om opphavsrett til åndsverk m.v. og står fritt til å publisere seinare utgåver andre stader så lenge han/ho viser til publikasjonen i Fokus på språk. Arbeid som Framandspråksenteret har bestilt, kan ikkje publiserast fritt andre stader.

Formkrav til manus
Manuset må liggje føre i elektronisk form. Vi nyttar referanseliste på slutten av dokumentet og kjeldetilvisingar i parentes med forfattarnamn, årstal og eventuelt sidetal i den løpande teksten.

Spørsmål?
Dersom du har spørsmål om retningslinjene eller vil levere inn manus, kan du kontakte ansvarleg redaktør Steinar Nybøle, steinar.nybole@framandspraksenteret.no, tlf. 69 21 58 32.

Les mer

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 02.04.2013 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret