Ingen zoom Zoom 110% Zoom 120%
Les mer

Internasjonalisering i skulen


 


Framandspråksenteret har på denne sida samla ei oversikt over ulike innfallsportar til internasjonalisering for skular og lærarar. Du finn fleire detaljar i menyen til venstre.

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) og Framandspråksenteret har utarbeidd eit informasjonshefte med grunnleggjande informasjon for skular og lærarar som er interesserte i internasjonalisering. Heftet inneheld mellom anna ei samla oversikt over eksisterande program og støtteordningar (jf. St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning, s. 38) og ei rekkje praksisdøme frå skular som er involverte i forskjellige typar internasjonaliseringsprosjekt. Du kan laste ned heftet HER.

Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU)
SiU er eit kompetanse- og informasjonssenter som fremjar internasjonalt samarbeid innanfor utdanning og forsking. SIU er eit statleg forvaltingsorgan under Kunnskapsdepartementet (KD). Du kan laste ned nyheitsbrevet til SIU HER

LLP temaseminar: språklæring gjennom internasjonalt samarbeid
SIU inviterer i haust til temaseminar om korleis deltaking i internasjonalt samarbeid kan vere eit verktøy til å lære språk. På seminaret vil det bli høve til å presentere erfaringar og idear frå fleire prosjekt.
20. november 2008 – Gardermoen, Conference Center East, Flyporten
LES MEIR

Fylkesmannen i Vest-Agder informerer om internasjonale
tilbod, eksamen i utlandet, EU-program, norske skular i utlandet, o.a.

Eurodesk
er eit informasjonsnettverk retta mot unge mellom 10 og 30 år. Eurodesk finst i 27 europeiske land og svarer på spørsmål om internasjonale moglegheiter for unge, mellom anna stipend og støtteordningar, studium og jobb i utlandet.

Sjå òg rapport frå konferansen «International Cooperation in Higher Education – the High North Dimension» HER

Aktiviteter før lesing Aktiviteter under lesing Aktiviteter etter lesing

Vår visjon


Økt interesse for språk!
Økt motivasjon for språklæring!
Økt kvalitet i opplæringen!
Bedre ferdigheter i mange språk!
Oppdatert av Tina Buckholm 29.08.2017 - Ved feil/mangler - kontakt: Webmaster Fremmedspråksenteret